Onsdag 11. mars

Illustrasjonsbilde.pngSør-Fron kommune oppmodar på det sterkaste våre innbyggarar om å unngå unødvendige reiser til Sel kommune.

Kriseleiinga i Sør-Fron har onsdag kveld 11.03.2020 hatt møte og vedtatt følgjande:

Sør-Fron kommune har stor sympati for Sel kommune og den vanskelege situasjonen dei står i.

Med bakgrunn i anbefaling frå Fylkesmannen i Innlandet 11.03.2020, og utviklingen av koronasmitta personar i Sel, oppmodar Sør-Fron kommune på det sterkaste våre innbyggarar om å unngå unødvendige reiser til Sel kommune, og andre område i Innlandet med fleire smitta. Hensikta er å hindre smittespreiing.

Grunnen til den sterke henstillinga er at Sel kommune fekk påvist åtte nye smitta i dag, 11. mars. Sel har nå nærare 1000 personar i karantene og totalt 19 bekrefta smittetilfelle.

Vi forstår at dette kan skape utfordringar for både innbyggarar i Sør-Fron og Sel som arbeider og går på skule i respektive kommunar. Vi oppmodar alle til å vurdere kva som er strengt nødvendig.

Det er per 11.03.2020 ikkje påvist smitte i Sør-Fron.

Kriseleiinga i Sør-Fron kommune vurderer fortløpande ytterlegare tiltak for å hindre smittespreiing.

 

Kontakttelefon for koronasmitte i Sør-Fron

Sør-Fron kommune har i samarbeid med Nord-Fron kommune kontakttelefon om koronaviruset som er ope frå kl. 08.00 til kl 20.00. Ta kontakt på tlf.  48075383.

For informasjon og konkrete råd om koronaviruset kan du og kontakte Folkehelseinstituttet  på tlf. 815 55 015.

Har du mistanke om smitte, ring legevakt/fastlegen på tlf. 116117.

Kontaktperson for presse:

Ordførar Ole Tvete Muriteigen, tlf. 91108725,
e-post: ole.tvete.muriteigen@sor-fron.kommune.no