Informasjon om opningstid i barnehagen

Barnehagen er nå på gult nivå i trafikklysmodellen, og personalet har innarbeida gode rutiner for håndvask og reinhald. Vi ser at det nå er mogleg å opne barnehagen igjen frå kl. 06.45-16.30. Dette vil gjelde frå torsdag 18. februar.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Her kan de sjå kva gult nivå inneber:

Gult nivå

  1. Ingen syke skal møte i barnehagen
  2. God hygiene og forsterket renhold
  3. Kontaktreduserende tiltak:

    Unngå fysisk kontakt mellom ansatte (håndhilsning og klemming)
    Hele avdelinger regnes som en kohort*
    Faste ansatte per kohort*
    Unngå trengsel og store samlinger
    Tilstrebe avstand mellom ulike kohorter*
    Dele inn uteområder for å holde avstand mellom kohorter*


De kan lese meir om dette i Smittevernveilederen for barnehage.

Vi har hatt redusert opningstid sidan 11. januar. Bakgrunnen for dette var å oppretthalde smittevernfagleg forsvarleg drift. Med dette meines at personer med sjukdomsymptom ikkje skal vere i barnehagen, at det skal vere gode hygienetiltak og kontaktreduserande tiltak.

Personalet har innarbeida gode rutiner for håndvask og reinhald og vi ser at det nå er mogleg å opne barnehagen igjen frå kl. 06.45-16.30. Dette vil gjelde frå torsdag 18. februar. Med normal opningstid vil oppmøtetidene mest sannsynleg bli meir spredt slik at vi unngår kø. Hugs å kom i god tid før kl. 16.30.

I veka fram til denne datoen vil vi førebu oss på full opningstid. Vi skal endre planer, vakter, samt organsiering av aktiviteter og opplegg. Vi har erfart at det er svært viktig at alle i personalet får lik informasjon og at avdelingane har moglegheit til å sitte saman å planlegge. Dette skal vi gjere på personalmøte på kvelden onsdag 17. februar. Difor blir første dag med full opningstid torsdag 18. februar.

Når det gjeld matpakke-ordning vil det vere behov for å forlenge denne vidare. Matlaginga tek mye tid, noko som gjer det utfordrande å oppretthalde god smittevernfagleg forsvarleg drift. Personalet må gjennomføre dagleg reinhald på avdelingane. Dette kjem i tillegg til ordinært reinhald frå reinhaldspersonalet. De vil få nærare informasjon når dette endrer seg.

Berre ta kontakt om de lurer på noko og tusen takk for at det samarbeider med oss om dette.