Informasjon om stenging av skule og barnehage

Illustrasjonsbilde korona.png - Klikk for stort bilde Alle skular og barnehagar i Sør-Fron er stengt frå og med 12.03.2020 kl. 1800 til 26.03.2020 kl 2400.

Illustrasjonsbilde korona.png - Klikk for stort bilde Sør-Fron kommune syner til statsministeren og helseministeren si pressekonferanse 12.03.2020. Der informerte statsminister Erna Solberg om at alle skular og barnehagar i heile landet blir stengt i to veker framover.

For å stoppe spreiing av koronaviruset og bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet beslutta ei rekkje tiltak som gjeld frå i dag 12.03.2020 kl. 1800.

Som følgje av dette blir alle skular og barnehagar i Sør-Fron stengt frå og med 13.03.2020 til og med 26.03.2020.   

For å sikre at samfunnskritiske oppgåver blir ivaretatt er kommunane pålagt å oppretthalde tilbod i barnehagar og skular for familiar der føresette arbeider innafor såkalla samfunnskritiske områder.

Sør-Fron kommune pliktar å opprette eit omsorgstilbod for barn tom. 12 år i husstandar der båe føresette har samfunnskritiske funksjonar og for barn med særlege omsorgsbehov.  Tilbodet gjeld frå måndag 16/3 . For dei dette gjeld, ta kontakt med rektor eller barnehagestyrar.

Barn av føresette som ikkje har samfunnskritiske arbeidsoppgåver må være heime - det vil foregå fjernundervisning. 

Bøker og anna nødvendig utstyr kan hentast før kl. 15.00 fredag 13.03.2020.

Følgjande grupper er definert som samfunnskritiske:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka

Det er viktig å oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar, samt å unngå at personar i risikogrupper blir brukt til barnevakt. 

For øvrige tiltak blir det synt til Helsedirektoratet sine heimesider.

Kriseleiinga i Sør-Fron følgjer situasjonen tett. Vi oppmodar elles til at våre innbyggarar held seg oppdatert om situasjonen gjennom informasjon på heimesida og Facebook-sida vår, og elles følgjer generelle råd frå nasjonale helsemyndigheiter. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 12.03.2020 18.39
Fant du det du lette etter?