Juleballet utsettes til etter nyttår

Bjørn K. Sletten Det tradisjonsrike juleballet på Sør-Fron ungdomsskule må utsettes til etter nyttår. – Trist, men vi har ikkje noko val, seier konstituert kommunalsjef for oppvekst, Eivind Lund.  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Den 9. desember innførte regjeringa nye koronaretningsliner og reglar. Da vart også covid19-forskifta endra, noko som rammar gjennomføring av både juletrefestar, juleavslutningar og juleball.

På møte mellom Statsforvaltaren og kommunane 09.12.2021 vart det presisert at juletrefest, juleavslutning og juleball er å sjå på som ei privat samankomst etter forskrifta § 13 fyrste ledd bokstav e.
§ 13 a set ei grense på 20 personar for private samankomstar.

Utset til etter nyttår

Det betyr at ungdomsskulen sitt juleball må utsettast til etter nyttår.

– Det er sjølvsagt veldig trist for ungdommane våre, seier konstituert kommunalsjef for oppvekst, Eivind Lund.

Han seier dei ikkje avlyser, men utsett.

– Vi ønskjer at ungdomsskuleelevane skal få gjennomføre juleballet, og derfor utset vi gjennomføringa til det blir opna opp att for denne typen arrangement, seier oppvekstsjefen.   

Dei nye reglane betyr også at juletrefestar i skulane og barnehagane i kommunen blir avlyst eller utsett.