Ordningar for kultur-, idrett og frivilligheit

Klikk for stort bildeHer har vi samla viktig informasjon for lag, foreiningar og arrangørar i samband med koronasituasjonen:

Klikk for stort bilde

Smittevern for musikkøvingar

Nå er det igjen mogleg og samlast til musikkøvingar i korps, kor og band! Det er nå utarbeidd en rettleiar i samarbeid med representantar frå kor, korps, band og orkester. Rettleiaren er vurdert og godkjent av Helsedirektoratet den 22. april og gyldig frå samme dato.

Les meir om rettleiaren her.

 

Retningsliner for arrangement

12. mars beslutta regjeringen at alle kultur- og idrettsarrangement blir avlyst. Bestemmelsen gjeld førebels fram til 15. juni. Regjeringen har varsla at dei seinast 1. mai skal kome med oppdatering for sommarens festivalar og arrangement, etc. 

Hos Helsedirektoratet kan du lese detaljar omkring forbudet mot arrangement.

Norges idrettsforbund har saman med Helsedirektoratet utarbeidd fellesidrettslege anbefalingar til utøving av idrettsaktivitet. 

Les kva reglar som gjeld her.

 

Kva for tiltak finst og kor kan du henvende deg?

Regjeringa har laga ei samleside med spørsmål, svar og oversikt over ordningar for kultur-, idrett og frivilligheit. 

Gå til regjeringen.no og klikk deg vidare til ordningane som kan gjelde ditt lag/organisasjon.

Kulturnett Oppland har samla ei rekkje lenkar og informasjon for kultur- og næringsaktørar på sine heimesider.

 

Klikk for stort bilde

Søk kompensasjon for for korona-avlyste, stengde og utsette arrangement

Arrangørar  i frivillig- og idrettssektoren  som har avlyst, stengt eller utsett arrangement som følge av råd eller  pålegg frå styresmaktene i samband med  koronaviruset  kan  få  kompensasjon. 

Det er sett av  700 mill. kroner til kompensasjonsordninga for idretten og frivilligheita (inkludert kulturfrivilligheita).  Det er to ordningar, som blir blir forvalta av Lotteri- og stiftelsestilsynet og av Kulturrådet.

Det blir lagt opp til rask søknadsbehandling og utbetaling av kompensasjonen.

Søknadsfristen på båe ordningane er 21. april. 

Les meir om ordninga hos Lotteritilsynet og søk her.

Les meir om ordninga hos Kulturrådet og søk her.

 

Registrering av økonomiske konsekvensar

Vi veit at ikkje alle kan søkje kompensasjon - blant anna for tapte dugnadsinntekter knytt til arrangement, som for mange av våre lag og organisasjonar utgjer ein svært stor andel av den årlege inntekta.

Idrettsforbundet ber alle idrettslag registrere økonomiske konsekvensar av koronaviruset.

Les meir og gå til registreringskjema her.

 

Viktige lenkar

Kulturdepartementet

Idrettsforbundet

Kulturrådet

Lotteri- og stiftelsestilsynet