Livesending: Påskeferie og korona i Sør-Fron
Tysdag 23.03. kl 20:00 blir det direktesending med ordførar Ole Tvete Muriteigen, kommuneoverlege Anders Brabrand og rådmann Rune Fromreide Sommer.
Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.
Tema for sendinga er den nært foreståande påskeferien, lokale og nasjonale retningsliner. Vi oppmodar alle våre heiltids- og deltidsinnbyggarar til å stille spørsmål undervegs i sendinga.
Sendinga ser du på Sør-Fron kommune si Facebook-side, på vår YouTube-kanal eller her på heimesida vår.
Har du spørsmål?
Du kan sende inn spørsmål til ordføraren, kommuneoverlegen og rådmannen i forkant av sendinga. Send til bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no.
Du kan også stille spørsmål direkte i chat på Facebook og YouTube undervegs i sendinga.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 12.04.2021 13.20