Ordningar for næringslivet

Klikk for stort bildeHer har vi samla viktig informasjon for deg som næringsdrivande i samband med koronasituasjonen:

På denne sida finn du ordningar og ressurslinkar for næringslivet i samband med utbrotet av koronoaviruset. 

Sør-Fron kommune ønskjer å ha løpande dialog med lokalt næringsliv. Vi har begrensa med direkte verkemidlar, men vil halde oss oppdatert på eventuelle statlege og fylkeskommunale verkemidlar. Vi er tilgjengelege dersom verksemda di ønskjer å diskutere moglege løysingar og tiltak for bedrifta. 

Ta kontakt med tenesteleiar Bjørn K. Sletten på bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

 

Spørsmål og svar for norske bedrifter om koronautbrotet

Regjeringa har ei samleside for næringslivet, der du finn alt av informasjon om dei ulike nasjonale ordningane som gjeld for næringslivet. 

 

Viktige lenkar

NAV : Her finn du viktig og nyttig informasjon uansett om du er arbeidsgivar, arbeidstakar, eller sjølvstendig næringsdrivande. Du finn også informasjon om dagpengar og permitteringsreglar.   

Skatteetaten: Skattetaten har ei eiga samleside med oversikt over koronatiltak. Dei har også ei eiga side for sjølvstendig næringsdrivande

Sparebank 1 Gudbrandsdal: Bankane har etterkvart fått gode oversikter med informasjon om mellom anna avdragsfridom og lånegarantiordning

Innovasjon Norge: IN har ei rekkje tiltak (avdragsutsetjing, oppstartsfinansiering og tilskot) som kan vera aktuelle. 

NHO: Permittering, karantene m.m. for arbeidsgivarar

Folkehelseinnstituttet : Fakta, råd og tiltak

Fylkesmannen i Innlandet : Jamnleg oppdatert informasjon

Innlandet fylkeskommune har og lansert fleire nye støtteordningar for næringslivet. Les meir om ordningane her.

 

Særskilt for bedrifter i Sør-Fron kommune

Sør-Fron kommune fekk tildelt kr. 1.594.620,- i ekstraordinært kommunalt næringsfond frå fylkeskommunen i juli 2020. Bedrifter i Sør-Fron kan søkje gjennom regionalforvaltning.no, der også søknad, behandling og rapportering skal gjerast. Søknadsfrist er 10. september og 30. oktober 2020. Les meir om ordninga her.

Regler for karantene (PDF, 186 kB) : Utarbeidd av kommuneoverlege Anders Brabrand

 

Sør-Fron kommune syner til ny lokal forskrift (pdf) (PDF, 243 kB) om førebygging av korona-smitte, pkt. 2;  "De virksomhetene som på bakgrunn av vedtakene fra Helsedirektoratet fortsatt kan holdes åpne, skal informere kundene/besøkende om viktigheten av at personer innenfor lokale/området holder minst en meter avstand til andre i hele lokalet/området til enhver tid. Virksomhetene skal opplyse om dette ved inngangen."

Forskrifta har heimel i smittevernlova, og gjeld kommunane Nord-Fron, Sør-Fron, Øyer og Gausdal, og trådte i kraft 14. mars kl 12.00.

 

Landbruk spesielt:

Nord-Fron  og Sør-Fron kommunar, Beredskapsgruppa i Fron, Fron Avløserlag, Norsk Landbruksrådgivning Innlandet og Veterinærvakta Fron har i fellesskap etablert ein beredskapsplan ved sjukdom hos dyrehaldarar.

* Mjølkeproduksjon:  Fron avløserlag har tilstrekkeleg med avløsarar

* Sau:  I tillegg til faste avløsarar er det etablert ei beredskapsgruppe på ca 20 pers i Nord-Fron og Sør-Fron med god erfaring frå dyrehald og lamming (i hovudsak tidlegare saueprodusentar) som kan hjelpe til dersom situasjonen blir prekær.

* Beredskapsgruppa blir administrert av Fron Avløserlag (612 92 230 / 977 06 598 / post@fronavloserlag.no).

https://www.vetinst.no/ -  https://www.tine.no/ -  http://www.nortura.no/ - https://www.animalia.no/ - https://www.mattilsynet.no/

 

Kommunen innfører månadleg fakturering

Sør-Fron kommune vil frå 2. termin 2020 tilby månadleg fakturering av kommunale eigedomsavgifter. Tilbodet om månadleg fakturering er valfritt. Fakturering over 3 terminar er standard.

Du kan sjå fleire detaljar her.

 

Kan bedrifta di redusere renovasjonsutgiftene?

Dersom bedrifta di er kunde hos Midt-Gudbransdal Renovasjonsselskap er det mogleg å endre tømmefrekvensen for beholdarane dine. Dei fleste av våre næringskundar ligg inne med ein fastsett frekvens, som er basert på normal driftssituasjon. Normal drift er for mange ikkje tilfelle i desse tider.

Her finn du meir informasjon om dette og korleis du kan gjere endringar

 

Video om gangen i permitteringar

Denne videoen syner gangen i permitteringar: https://vimeo.com/398208025

Bedrifter også kan ringe arbeidsgivartelefonen til NAV på 55 55 33 36. Dei har blant anna eit eiget innval som går på permitteringar, der dei som svarar der jobbar utelukkande med spørsmål knytta til det.

Fredag 20.03. hadde regjeringa pressekonferanse om endringar i permitterings- og dagpengeregelveret: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/slik-blir-endringene-i-permitterings--og-dagpengeregelverket/id2694346/