Nasjonale korona-tiltak blir oppheva

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby, statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie (foto: Ingrid Brandal Myklebust/SMK).Regjeringa varsla på ei pressekonferanse fredag 24. september at dei nasjonale koronaretningslinene blir oppheva laurdag 25. september kl 16:00. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Norge går over til ein normal kvardag laurdag 25. september - etter over eitt og eit halvt år med strenge smittevernreglar og -retningsliner. 

– Folkehelseinstituttet meiner at det er liten risiko for at epidemien skal komme ut av kontroll, gi betydeleg sjukdomsbyrde eller truge helsetenesta sin kapasitet. Derfor kan vi gå attende til ein normal kvardag. Vi vil fjerne dei aller fleste smitteverntiltaka, sa statsminister Erna Solberg under fredagens pressekonferanse.

Sjå pressemelding frå regjeringa her.

Også skulane vender nå attende til normalen. 

- Det er ikkje lenger nødvendig med kontaktreduserande tiltak i barnehagar og skular. Trafikklysmodellen kan berre vidareførast eller tas i bruk dersom den enkelte kommune meiner at smittesituasjonen krev lokale tiltak, skriv Utdanningsdirektoratet på sine heimesider.

Fron badeland opnar for fullt 

 

Det har ikkje vore eigne lokale tiltak i Sør-Fron sidan mai 2021. Men fleire verksemder i kommunen har vore ramma av dei nasjonale retningslinene, deriblant Fron badeland.

- Som følgje av at regjeringa fjerner dei nasjonale smitteverntiltaka laurdag klokka 16, fjernar Fron badeland også da sine begrensingar, opplyser dagleg leiar fror Fron badeland, Stian Stø Dørum. 

Arrangørane i kommunen har også venta lenge på gode nyhende. Rudi Gard inviterer nå til gjenopningsfest med banda Rotlaus og Staut 1. og 2. oktober. 

Kriseleiinga i Sør-Fron kjem saman i veke 39 for å diskutere arbeidet vidare, etter at det nå blir opp til kommunane å eventuelt innføre tiltak.  

- Dersom det skulle komme ein lokal eller nasjonal oppblomstring av smittespreiinga som gir ein svært belastande sjukdomsbyrde, må kommunane vera førebudd på å bringe denne under kontroll gjennom lokale tiltak. Det kan også bli aktuelt å innføre nasjonale tiltak, skriv Statsforvaltaren i Innlandet. 

Regjeringa har tidlegare varsla at vi skal over i "Ein normal kvardag med auka beredskap": 

Når vi går over til en normal hverdag, fjernes alle restriksjoner innenlands, med unntak av kravet om å gå i isolasjon hvis du er syk med covid-19.

Dette gjeld frå og med laurdag 25. september kl. 16:

  • Meteren gjeld ikkje lenger. Vi kan da vera saman på same måte som tidlegare. 
  • Begrensningane på kor mange som kan vera saman på arrangement blir oppheva. 
  • Det blir slutt på krav om bordservering og innsleppsstopp i serveringsbransjen.

Sjå kva for nasjonale råd og regler som gjeld i normal kvardag med auka beredskap (PDF, 206 kB)

– Vi beheld også dei råda vi har vorte så godt kjende med: Om å vaske hendene ofte, hoste i eit lommetørkle eller i olbogekroken og halde oss heime om vi er sjuke, sa statsministeren på fredagens pressekonferanse.