Ordinær drift i barnehagane frå 8. juni
Det blir ordinær drift og ordinære opningstider i alle barnehagane frå og med måndag 8. juni.
Sør-Fron kommune informerte førre veke (29.05) om at nåverande tilbod ville bli oppretthelde inntil vidare og at informasjon om endringar i organisering og opningstid skulle kome seinast onsdag 3. juni.
Bakgrunnen er at regjeringa onsdag 27. mai kom med informasjon om at vi nå kan lette på smitteverntiltaka og utvide opningstida i barnehagane våre.
Den nye smittevernrettleiaren vart lagt ut fredag 29.mai, og barnehagane trengte noko tid for å sette seg inn i den nye rettleiaren, og omorganisere seg for lengre opningstider. Frå måndag 8. juni er dette altså klart, og det blir ordinær drift og ordinære opningstider i alle barnehagane frå og med 8. juni.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Sist endret 15.07.2022 08.45