Skulane er klare for innrykk!

Skulane i Sør-Fron opnar måndag 27. april att for 1.-4. klassingar. Dei siste dagane har personalet stått på for å få skulane klare for å ta i mot skuleungane att etter koronapausen.  

Hugselista heng klar på veggen i klasserommet. Skular over heile landet vart stengt frå og med 13. mars. 8. april vart det avgjort at 1.-4. klasse skal få kome attende til skulande frå 27. april. 

Det er også laga ein smittevernrettleiar for skulane som du kan lese her.

- Mange endringar

Dei siste dagane har personalet stått på for å få skulane klare for å ta i mot skuleungane att etter koronapausen. 

Det er sendt ut informasjon til foreldre om opning av skulane. Den informasjonen kan du lese her.

Lærarar og assistentar har gjort mange endringar desse dagane.

- Vi har delt klassene i mindre grupper, ordna til klasseromma, hengt opp hugselister, laga merke for avstand ved vasken med tape, teikna krittstreker som markerer avstand i kø ute om morgonen, teke i bruk heile gangarealet vårt, delt uteområdet om morgonen, i tillegg til å ha forskjellige tider på friminutta våre, fortel assisterande rektor Lene L. Kolobekken på Midtbygda skule.

I likskap med barnehagane som opna 22. april må også skulane tenkje nytt om skuledagen.  

- Vi kjem også til å ha uteskule i større grad enn tidlegare, seier Kolobekken. 

3.jpg2.jpg1.jpg5.jpg