Informasjon om skule og barnehage

Klikk for stort bilde

Her finn du oppdatert info om koronakonsekvensar for skular og barnehagar i Sør-Fron: 

Klikk for stort bilde

Måndag 18. januar 2021

16:00 Ungdomsskulen går over til gult nivå

Sør-Fron ungdomsskole går tilbake til gult nivå frå og med onsdag 20.01. Dette er i tråd med nasjonale anbefalingar. 

Måndag 11. januar 2021

14:00 Redusert opningstid i barnehagane

Barnehagane har f.o.m. 11. januar innført redusert opningstid etter ei nøye smittevernmessig vurdering. Avgjerda er tatt med bakgrunn i Covid-19 forskrifta. Opningstid i barnehage er da 07.00-16.00.

SFO har ikkje redusert opningstida, da det er gjort ei vurdering om at ein klarar å halde SFO smittevernsmessig forsvarleg innafor ordinær opningstid.

Måndag 4. januar

Nye nasjonale og lokale tiltak for skulane i Sør-Fron 

Tysdag 5. januar opnar skular og barnehagar i kommunen att. Her kan du lese meir om dei tiltaka som er innført.

Tysdag 29. desember

Skular og barnehagar opnar opp att 5. januar 

Tysdag 29. desember beslutta kriseleiinga i kommunen at skular og barnehagar startar opp som planlagt etter nyttår

Måndag 21.desember

Angående betaling av barnehage for desember

Redusert barnehagetilbud i desember vil bli avregna på en senere faktura på nyåret. Avregning blir gjort i samsvar med gitt barnehagetilbud.

Utsendt faktura for desember betales som normalt.

Oppdatering fredag 18. desember

Heimeundervisning til juleferien og stengte barnehagar

Kriseleiinga har på sitt møte den 18.12.2020 beslutta følgjande:

  • Barnehagane er stengt ut 2020.
  • Skulane er fysisk stengt, og elevane får heimeundervisning fram til juleferien. Unntaket er barn av foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar – dei får undervisningstilbod på skulen.

Oppdatering onsdag 9. desember

Går over til heimeundervisning på alle skular i Sør-Fron

Kriseleiinga i Sør-Fron har i sitt møte den 09.12.2020 beslutta følgjande:  

  • Alle klassetrinn på båe barneskulane (Harpefoss og Midtbygda) går over til fjernundervisning frå og med 10.12.2020 og inntil vidare. Dette blir gjort på grunn av driftsomsyn.
  • Sør-Fron ungdomsskule held fram med fjernundervisning inntil vidare.
  • Barnehagane i Sør-Fron er også stengt inntil vidare.
  • Det er utruleg viktig at vi skjermar omsorgssenteret for smitte. Sørheim omsorgssenter forblir derfor stengt for besøk.

Alle tiltak gjeld i utgangspunktet ut veke 51, altså til søndag 20. desember. Status blir vurdert fortløpande.Du kan lese meir her.

Det blir også synt til tiltak som vart innført frå og med 09.12.2020. 

Oppdatering måndag 7. desember

 

Stenger båe barnehagane

Både Harpefoss og Liene barnehage blir stengt inntil vidare frå og med 8. desember. Les meir her.

Oppdatering 17.09.2020

Regjeringa har på sine heimesider samla alt du som forelder treng å vite om koronaviruset.

Les meir på samlesida til regjeringa.

Oppdatering 14.05.2020

Måndag 17.08.2020 er det skulestart i Sør-Fron. 

Les oppdatert info om skulestarten her.

Oppdatering 20.04.2020

I dag er det lansert én smitteveileder for grunnskole, og én for ungdomsskole og videregående skole. Disse er viktige for kommunenes planlegging av skoleåpningen. 

Les veilederne her.

Oppdatering 16.04.2020

Alle skular og barnehagar i Sør-Fron har vore stengt sidan 13. mars. Du finn meir info om dette lenger ned i artikkelen. 

Frå og med 22. april opnar barnehagane i Sør-Fron att. Les meir info i eiget skriv her.

Frå og med 27. april opnar skulane att for klassetrinn 1-4. Det vil bli sendt ut info om dette til foreldre så raskt som råd. 

Det er framleis uvisst når skulane vil bli opna att for 5.-7. klasse, ungdomsskule- og vidaregåande-elevar.  

 

Oppdatering 12.03.2020
 

Alle skular og barnehagar i Sør-Fron er stengt frå og med 12.03.2020 kl.18.00 til 26.03.2020 kl 24.00.

 

Sør-Fron kommune syner til statsministeren og helseministeren si pressekonferanse 12.03.2020. Der informerte statsminister Erna Solberg om at alle skular og barnehagar i heile landet blir stengt i to veker framover.

For å stoppe spreiing av koronaviruset og bidra til å oppretthalde nødvendige helse- og omsorgstenester har Helsedirektoratet beslutta ei rekkje tiltak som gjeld frå i dag 12.03.2020 kl. 1800.

Som følgje av dette blir alle skular og barnehagar i Sør-Fron stengt frå og med 13.03.2020 til og med 26.03.2020.   

For å sikre at samfunnskritiske oppgåver blir ivaretatt er kommunane pålagt å oppretthalde tilbod i barnehagar og skular for familiar der føresette arbeider innafor såkalla samfunnskritiske områder.

Sør-Fron kommune pliktar å opprette eit omsorgstilbod for barn tom. 12 år i husstandar der båe føresette har samfunnskritiske funksjonar og for barn med særlege omsorgsbehov.  Tilbodet gjeld frå måndag 16/3 . For dei dette gjeld, ta kontakt med rektor eller barnehagestyrar.

Barn av føresette som ikkje har samfunnskritiske arbeidsoppgåver må være heime - det vil foregå fjernundervisning. 

Bøker og anna nødvendig utstyr kan hentast før kl. 15.00 fredag 13.03.2020.

Følgjande grupper er definert som samfunnskritiske:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka

Det er viktig å oppretthalde verksemda i helse- og omsorgstenester og andre kritiske samfunnsfunksjonar, samt å unngå at personar i risikogrupper blir brukt til barnevakt. 

For øvrige tiltak blir det synt til Helsedirektoratet sine heimesider.

Kriseleiinga i Sør-Fron følgjer situasjonen tett. Vi oppmodar elles til at våre innbyggarar held seg oppdatert om situasjonen gjennom informasjon på heimesida og Facebook-sida vår, og elles følgjer generelle råd frå nasjonale helsemyndigheiter.