Slik hindrar du smittespreiing!

Huskeplakat Korona.jpg - Klikk for stort bilde Vi har alle eit felles ansvar for å hindre spreiing av koronaviruset i lokalsamfunnet vårt. Det viktigaste vi alle kan gjere er å følgje hygienetiltaka frå kommuneoverlegen i Sør-Fron. 

Huskeplakat Korona.jpg - Klikk for stort bilde  Hygienetiltak frå kommuneoverlege Anders Brabrand

  • Regelmessig handvask.
  • Unngå handhelsing og klemming.
  • Hald minst ein meter avstand til andre.
  • Hald deg unna andre om du er sjuk.
    • Alle som er litt sjuke (også litt forkjøla) må halde seg heime, og for seg sjølv til dei er friske, og ytterlegare eitt døgn
  • Host i papirlommetørkle (kastast etter kvar gong) eller olbogekroken.
  • Vær særleg merksam overfor utsette personar: Eldre over 65, diabetikarar, hjarte/lunge-sjuke, nedsett immunforsvar osv.
  • Barn blir ikkje alvorleg sjuke, men spreier likevel smitte. Unngå kontakt mellom barn og eldre.
  • Ikkje ta på ting unødvendig, hald hendene for deg sjølv.
  • Ikkje ta deg i ansiktet – om du har fått virus på hendene gir du da viruset ei sjanse til å komme inn i kroppen gjennom munn/nase/augo slik at du kan bli sjuk.

 

Lær håndvask av kommuneoverlegen

Kommuneoverlege Anders Brabrand gir oss tips for korleis vi skal vaske hendene for å unngå viruspreiing!

 

Informasjon til bedrifter

Laurdag 14. mars kom kommuneoverlege Anders Brabrand med ny forskrift om førebygging av smitte i Sør-Fron kommune. 

Under pkt. 2 i forskrifta står det følgjande: 

"De virksomhetene som på bakgrunn av vedtakene fra Helsedirektoratet fortsatt kan holdes åpne, skal informere kundene/besøkende om viktigheten av at personer innenfor lokale/området holder minst en meter avstand til andre i hele lokalet/området til enhver tid. Virksomhetene skal opplyse om dette ved inngangen"

Anbefalinger fra Folkehelseinstituttet

Vi oppmodar alle til å sjekke ut heimesida til Folkehelseinstituttet, for meir informasjon om råd og tiltak. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 26.03.2020 10.15
Fant du det du lette etter?