Tysdag 21. april

 

15.28 Barnehagane er klare for opning

22. april kan endeleg barnehageungane i Sør-Fron vende attende til barnehagen. Dei tilsette er klare - og gler seg til å møte barna att.  

Les sak om tiltaka som er sett i verk i Liene og på Harpefoss her: Flagging og raud løpar når barnehageungane kjem attende

 

08.02 Koronaprat med næringslivet

I dag, 21. april gjennomfører Sør-Fron kommune, saman med ei rekkje aktørar, Koronaprat med næringslivet

Vi inviterer til eit digitalt informasjonsmøte der eit knippe aktørar med ulik fagkunnskap deler sine råd til næringslivet i Midt-Gudbrandsdalen. Møtet vil bli sendt live på Facebook-sida til Midt-Gudbrandsdal Næringsforening frå kl 13-1430. Etter presentasjonane blir det anledning til å stille spørsmål. Spørsmål kan også sendast inn på førehand til birgitte@mgnf.no, eller undervegs i kommentarfeltet.

Delta på arrangementet her.