Rasmus Stauri skriv i sin
forprosjektrapport for Hundorp 2021, at «Olav Haraldssons fall på Stiklestad i 1030 fullfører på mange vis kristningsverket og nasjonsbygginga. Lokal makt blir brote ned parallelt med at trusskiftet blir vedteke».
Nobelprisvinnaren Sigrid Undset underbyggjer dette med si uttale som låg til grunn
«Det er enkelt og lettfattelig som den avgjørende scene i et middelaldersk
mysteriedrama i sin symbolske rikdom. Tinget på Hundorp kommer da til å stå
for vår bevissthet som det avgjørende optrin i vår kristningssaga».
Kjeldene
Forteljinga handlar om da Olav sommaren 1021 for sørover frå Nidaros med eit stort følgje, og ville omvenda folket til kristendommen. På Hundorp i Fron budde den mektige hersen Dale-Gudbrand, som saman med folket sitt bekjente seg til dei gamle gudane, og da særleg Tor. Historia fortel at kongen og mennene hans kom til Hundorp, der det vart helde ting.