Kultur og fritid i Sør-Fron kommune

Sør-Fron har eit rikt og mangfoldig kulturliv. Her finst mange frivilljuge organisasjonar og kulturtiltak, samt fleire private kulturaktørar.

Kulturavdelinga har ansvar for ulike tilskotsordningar innan kultur og fritid, Den kulturelle skulesekken,Den kulturelle spaserstokken, Stolpejakten i Sør-Fron, ungdom og fritid, stadnamnsaker, Fron badeland, ulike kulturarrangement, kulturvern, friluftsliv, ungdomsråd, eldreråd med meire.

Sør-Fron kommune har eit godt og variert kulturskuletilbud saman med Nord-Fron kommune. Vi har felles ungdomsklubb med Nord-Fron og mykje felles ungdomsarbeid i samarbeid med Ringebu og Nord-Fron.

Les meir: Oversikt over aktivitetstilbod for barn og unge.

Sør-Fron bibliotek er plassert i kommunehuset. 

Kulturkontoret held til i underetasjen på kommunehuset.