Lån papirbok eller lydbok til påske!

Sør-Fron bibliotek opnar opp for utlån denne veka slik at du kan få låne deg papirbøker til påske.

Er du desperat etter å låne bøker? Vi kastar oss rundt og opnar opp for utlån trass stengt bibliotek!

Slik gjer du det:

1) Sjekk kva vi har i bibliotekkatalogen: https://sor-fron-fb.mikromarc.no/m/sor-fron-fb/6471…

2) Bestill bøker seinast måndag via bibliotekkatalogen, send e-post til bibliotek@sor-fron.kommune.no eller send sms på 97015275.

3) Vi finn bøkene og lånar ut til deg.

4) Bokpakker kan hentast utanfor biblioteket måndag 6. og tysdag 7.april kl. 10-14

Framleis fysisk stengt

Biblioteka er fortsatt stengde til over påske, og utlån må avtalast på førehand.

Biblioteksjef Marit Kamp Lie tek i mot bokbestillingar frå heimekontoret.

- Det går ikkje an å bestille fjernlån, og biblioteket tek framleis ikkje imot bøker, seier biblioteksjef Marit Kamp Lie. 

På bakgrunn av koronasituasjonen er bibliotek over heile landet stengt ned. Det har blant anna ført til svært stor pågang av e-bokutlån.

- Vi har fått rulla ut ein haug med nye BookBite-lisensar (e-bokløysinga vår), og opplever stor pågang i lån av e-bøker både frå unge og gamle. Det betyr altså at det er aktivitet på biblioteket, sjølv om utlånet av fysiske bøker ikkje skjer akkurat nå, seier Lie.

Innlandet fylkesbibliotek har også laga ei eigen ressursside med digitale bibliotektenester.

- Masse bra bøker

Sør-Fron bibliotek har vore stengt sidan 12. mars, og Anne og Marit som jobbar på biblioteket har brukt tida til mellom anna å klargjera nye bøker for utlån slik at biblioteket igjen skal vera klare for unge og eldre bokormar når koronakrisen er over. Biblioteket har laga fine utstillingar med mellom anna krim for barn som dei dessverre ikkje får synt fram. Men nå kan du låne - sjølv om biblioteket er stengt!

 

Og nå blir det altså ei råd med påskelektyre i fysisk format au.  

- Er det nokon gong særleg barn og unge kan finne leseglede er det i ein slik situasjon, og vi har masse bra bøker på biblioteket, seier Anne Dalbak bak ein stabel med nye vaksen- og barnebøker. 

Oppmodinga blir altså: Send bestilling, møt opp og hent bøker.  

God bok-påske til dykk alle!