Flokk

Klikk for stort bildeFLOKK består av 21 lange, smale figurar støpt i bronse, med glasaugo. Kunstnaren bak verket er Gitte Dæhlin. Bjørn K. Sletten FLOKK består av 21 lange, smale figurar støpt i bronse, med glasaugo. Kunstnaren bak verket er Gitte Dæhlin.

På ein ope plass ved middelaldergarden Sygard Grytting i Sør-Fron kommune står dei 21 smale skikkelsane og skuar utover Gudbrandsdalslågen. Besøkande som tek avstikkaren frå Gudbrandsdalsvegen forventar kanskje fyrst og fremst å møte ein flokk beitande sauar, i staden er det fyrste dei ser ein flokk langstrekte grasiøse kroppar. 

Kunstverket er ein del av prosjektet Skulpturstopp. Du kan lese meir her.

Figurene har glasaugo, er relativt like, men samtidig heilt ulike. Kunstnaren håpar figurane vil appellere til undring og sette i gang tankeprosessar hos den som ser dei. 

Kor finn eg Flokk?
Det er eige FLOKK-parkeringsplassar ved Sygard Grytting. Følg skiltinga - kunstverket og stolpen er om lag 300 meter frå gamal E6.