Oktagon

Klikk for stort bilde Kunstverket Oktagon ved Klokkarstranda er del av kunstprosjektet Vegskille. På Harpefoss har arkitektene Rintala/Eggertsson, saman med 18 arkitektstudentar, laga to installasjonar ved Klokkarstranda, ein ved Hella og ein ved Strandtjønna.

Verket heiter Oktagon og båe delane har ein åttekanta form, laga i tre. Rintala Eggertsson arkitekter ønskjer med sin installasjon "Oktagon" på Harpefoss å bremse opp farten litt og gi den besøkande anledning til å oppleve naturen på ein rolegare måte. Tydeleggjere dei langsamme prosessane i naturen som mennesket har vore avhengig av å forstå opp gjennom historia.

Ved å anlegge to oktagonar, åttekanter, blir ein slutta, geometrisk form, introdusert i naturen. Den er med på å samle mennesker rundt to naturelement; ild og vatn.

Installasjonen ved Strandtjønn er ein slags gangbane som introduserer ei lukka og konsentrert «reise» i kontrast til den lineære reisa gjennom Gudbrandsdalen.

Kor finn eg Oktagon?
Det enklaste er å parkere ved Klokkarstranda og gå stigen innover. Dette er ein ganske kort tur, men ein får mykje att for den! Her går det an å gå vidare etter oppmerka råk (Skodalsåa kulturstig) forbi andre del av Oktagon på Hella og vidare gjennom flott turterreng mot Hardvollsmorka.