Spelemidlar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Søknad om spelemidlar skal sendast om kommunen som prioriterer alle søknadane frå vår kommune.

Blir det søkt om kommunalt tilskot i tillegg til spelemidlar, må kommunen sjølvsagt behandle denne. Kommunen ved kultur- og næringsavdelinga (tlf. 61 29 91 54) vil også kunne rettleie ved utfylling av søknaden. Kommunen har også ansvar for å sjå til at alle formelle krav blir oppfylt og at alle nødvendige vedlegg ligg ved. 

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. 

For å kunne motta spelemidlar må anlegget det blir søkt om tilskot til ligge inne i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er difor viktig at kommunen får informasjon om utbyggingsplanar så tidleg som råd.

Det kan søkjast om tilskot frå spelemidlane til

  • bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • nærmiljøanlegg
  • løyper og hytter i fjellet

Det skal brukast elektroniske søknadskjema. Ved å gå inn på nettsida www.anleggsregisteret.no finn du søknadskjema. Her finn du også nærare retningsliner for spelemiddelordninga. Søknadsfrist til Sør-Fron kommune er 15. oktober kvart år.

  Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema

Kontakt

97471997
97471997