Bistand og rettleiing
Sør-Fron kommune kan bistå som rettleiar og døropnar for eksisterande bedrifter og næringsdrivande, og for deg som ønskjer å starte eigen verksemd.
Støtteordningar
Næringsavdelinga kan gi deg råd om kva for støtteordningar du kan søkje på.
Sør-Fron kommune tilbyr eksisterande næringsliv og nye etableringer å søkje om midlar frå
kommunalt næringsfond. Dette fondet har ingen faste søknadsfrister.
Etablering
Næringsavdelinga gir informasjon og rådgiving til deg som vil starte eigen bedrift.
-
På Altinn finn du god informasjon om emner som er viktige når du etablerer eigen bedrift.
-
SMBinfo inneheld nyttige guidar, skjema og malar for deg som skal starte for deg sjølv.
-
På nettsidene til Innovasjon Norge er det også moglegheiter for å få hjelp som gründer.
Bjørn K. Sletten.
Tor-Ivan Boine
Kontaktperson:
Bjørn Kjellsson Sletten, tenesteleiar for kultur og næring.
E-post: bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no
Telefon: 61 29 91 54/974 71 997
Besøksadresse: Kommunevegen 1, Sør-Fron (kjellaren på kommunehuset).
Har du landbruksrelaterte spørsmål? Kontakt Midt-Gudbrandsdal Landbrukskontor på tlf.
61 29 90 00, eller gå onn på heimesidene deira: Midtdalsbonden.no.