Landbruk

Sør-Fron og Ringebu kommune samarbeider om felles landbrukskontor, Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor (MGL), som har kontorlokale i kommunehuset på Sør-Fron.

Landbrukskontoret forvaltar ulike lover, m.a. jordlova, konsesjonslova, forpaktingslova og skoglova, og ulike tilskottsordningar innafor landbruket. I tillegg driv landbrukskontoret med informasjonsarbeid og rådgjeving overfor gardbrukarar og andre i landbruksnæringa.

Landbrukskontoret her elles sekretariat for politiske utval som handsamer landbrukssaker. I Sør-Fron er det formannskapet og i Ringebu er det utval for miljø, utmark og landbruk (MUL).

 

Midtdalsbonden

MGL publiserar informasjon på eiga heimeside, www.midtdalsbonden.no. Du kan også følge midtdalsbonden på Facebook

 

Kontaktinformasjon Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor

Kontaktinformasjon Midt-Gudbrandsdal landbrukskontor
Opningstider Måndag-fredag, kl. 09.00-14.00 Det er mogleg å avtale direkte med dei tilsette i tidsrommet 08.00-15.30
Besøksadresse Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Postadresse Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Epost postmottak@sor-fron.kommune.no
Telefon 61 29 90 00
Hjemmeside www.midtdalsbonden.no

Kartpunkt