Arrangement

I Sør-Fron er det stor aktivitet og eit mangfoldig kulturliv og mange ulike arrangement gjennom året. Her finn du informasjon om ulike ting som skjer av møte, konsertar, teater, idrettsarrangement og andre typer arrangement som foregår i Sør-Fron.

Peer Gynt kulturfestival

Kulturfestivalen Peer Gynt blir arrangert årleg i byrjinga av august. Den er eit møte mellom den lokale segnfiguren Per og Ibsens Peer. Sidan 1989 har "Peer Gynt" vore spelt ved Gålåvatnet i Sør-Fron. Her er det også kunstgalleri og andre opplevingar. 

Heimesida til Peer Gynt

Rondaståk

Fjellfestivalen Rondaståk har helde det gåande sidan 2014, og blir arrangert kvart år i midten av juni, med konsertar, aktiviteter og tonnevis med hygge frå torsdag til søndag. Publikumet er ei god blanding av tilreisande fjellfolk (som ligg i telt), hyttefolk og lokale.

Sidan 2022 har festivalen helde til på Gålå. 

Heimesida til Rondaståk

Rudi gard

Historiske og høgst levande Rudi Gard ligg idyllisk og inviterande til i solhellinga midt i eventyrlege Gudbrandsdalen. Vertskapet Nina og Øystein Rudi byr i lag med ei mengd gode hjelparar på ypperleg lokalmat, unike konsert- og serveringslokal, og kulturopplevingar frå øvste hylle i ei atmosfære det går gjetord om mellom både artistar og publikum.

I århundrer har vi dyrka korn på Rudi, og dei tjue siste åra har dei òg satsa på å dyrke gode opplevingar. Visjonen deira er å bidra til at Gudbrandsdalen blir betre og meir interessant for oss som bur her, for hyttefolk og for tilreisande.

Heimesida til Rudi gard

Harpefoss hotell

Harpefoss kunstarena vart etablert som kunst- og artist-in-residenssenter i 2014. Eit nedlagt jernbanehotell frå slutten av 1800-tallet er i dag arena for utstillingar i driftsbygningane og utandørs, samt gjesterom for kunstnarar.

Harpefoss hotell huser også arrangement, konsertar og festivalar, i tillegg til kunstnarresidens og workshops.

Heimesida til Harpefoss hotell

 

Meld frå om arrangement!

For å få med informasjon om arrangement er vi avhengig av at nokon informerer oss om det, så hvis du ynskjer å få med "ditt" arrangement i kulturkalenderen er det fint om vi får melding om dette, gjerne på e-post til kommunen: Trykk på knappen under:

Melding om arrangement

Finn arrangement i Sør-Fron

Under finn du arrangementskalender for Sør-Fron, lenke til Kulturnett Innlandet og lenke til hendingskalenderen på Facebook for Midt-Gudbrandsdalen. 

Arrangement i Sør-Fron                                               

Kulturnett Innlandet                

Hendingskalender Facebook