Hundorp 2021

I 2021 markerer vi at det er tusen år sidan kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand møttes på Hundorp i 1021, eit møte som resulterte i at dølane med Dale-Gudbrand i spissen tok i mot kristendommen. 

Profilbilde_mørk_gul.jpg - Klikk for stort bilde

Kommunestyret i Sør-Fron gjorde 14.06.2016 vedtak om å setje i gang planlegginga av 1000-årsmarkeringa av kristningsmøtet på Hundorp i 1021.

Det vart sett ned ei styringsgruppe, og det er vedteke ein forprosjektrapport (Rasmus Stauri, 2016) som skisserer innhaldet for ei lokal heilårleg markering i 2021.

Sidan er Hundorp 2021 kopla på i arbeidet med å få i stand eit større nasjonalt jubileum, Norge i 1000 år, der Hundorp er ei viktig brikke saman med mellom andre Moster 2024 og Stiklestad 2030.
 
I menypunkta over kan du finne informasjon om kristningsmøtet i 1021, slik Snorre Sturlasson skildrar det i soga om Heilag-Olav, du kan også sjå alle offentlege dokument om planlegging og gjennomføring av markeringa i 2021 og lese siste nytt. 
 

Styringsgruppa

Det er kommunestyret i Sør-Fron kommune som har sett ned styringsgruppa for prosjektet. Den består av:
  • Ole Tvete Muriteigen (ordførar i Sør-Fron), leiar 
  • Even Aleksander Hagen, fylkesordførar
  • Representant for Gudbrandsdalsmusea
  • Solveig Fiske, biskop i Hamar
  • Rasmus Stauri, representant for grunneigarane ved Dale-Gudbrands gard
  • Øyvind Frich, eigar og drivar på Dale-Gudbrands gard
  • Kristinn Olason, representant for Sør-Fron sokneråd

I tillegg møter fylkeskultursjef i Oppland, Kyrre Dahl, og Carina Gjelsvik, produsent kulturarv og visuell kunst for Den kulturelle skulesekken i Oppland. 

Prosjektleiar for Hundorp 2021 er kulturleiar i Sør-Fron kommune, Bjørn Kjellsson Sletten:
​bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Prosjektmedarbeidar er Stian Stø Dørum: stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

Arbeidsgruppene

Tre arbeidsgrupper er sett ned for å arbeide med prosjektet. Les meir om arbeidsgruppene her.  

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 03.04.2019 13.00
Fant du det du lette etter?