Kristningsmøtet i 1021

Peter-nicolai-arbo-dale-gudbrand.jpg - Klikk for stort bilde I følge Snorre Sturlason møttes kong Olav Haraldsson og hersen Dale-Gudbrand på Hundorp i 1021. Dette møtet resulterte i at dølane med Dale-Gudbrand i spissen tok i mot kristendommen.

Peter Nicolai Arbos tolking av møtet på Dale-Gudbrands gard for snart tusen år sidan.  - Klikk for stort bildePeter Nicolai Arbos tolking av møtet på Dale-Gudbrands gard for snart tusen år sidan. «Hundorp er blant dei mest kjende historiske stadene i Gudbrandsdalen. Ikkje berre er staden reint fysisk det mest monumentale fornminneområdet i dalen med sine store gravhaugar, steinsetjingar og bautasteinar, men også i sagatradisjonen har Hundorp ein ruvande plass. I soga om dei norske kongane, Heimskringla, legg forfattaren den mest dramatiske av kristningsscene til Hundorp», skriv Gro Steinsland og Magnus Rindal i boka Heilage stader i Norge.

Rasmus Stauri skriv i sin forprosjektrapport for Hundorp 2021, at «Olav Haraldssons fall på Stiklestad i 1030 fullfører på mange vis kristningsverket og nasjonsbygginga. Lokal makt blir brote ned parallelt med at trusskiftet blir vedteke».
 

Det avgjerande opptrinnet

Nobelprisvinnaren Sigrid Undset underbyggjer dette med si uttale som låg til grunn
for markeringa i 1921:
«Det er enkelt og lettfattelig som den avgjørende scene i et middelaldersk
mysteriedrama i sin symbolske rikdom. Tinget på Hundorp kommer da til å stå
for vår bevissthet som det avgjørende optrin i vår kristningssaga».
 

Kjeldene

Mange kunstnarar har late seg inspirere av symbolikken som ligg i møtet i 1021. Fron historielag har denne artikkelen om dei ulike tolkingane. 
 
Om kristningsmøtet på Hundorp i det store og heile har funne stad, er trekt sterkt i tvil av mange historikarar. Uansett skildrar Snorre Sturlasson møtet i soga om Heilag Olav. Den kan du lese her.
 
Forteljinga handlar om da Olav sommaren 1021 for sørover frå Nidaros med eit stort følgje, og ville omvenda folket til kristendommen. På Hundorp i Fron budde den mektige hersen Dale-Gudbrand, som saman med folket sitt bekjente seg til dei gamle gudane, og da særleg Tor. Histroia fortel at kongen og mennene hans kom til Hundorp, der det vart helde ting. Det enda med at kongens mann, Kolbein Sterke, knuste gudebiletet av Tor, og ormar og rotter store som kattar kom ut. Da tok Dale-Gudbrand og dølane til kristendommen. I kommunevåpenet til Sør-Fron kommune, finn vi klubba som Kolbein Sterke knuste gudebiletet med.
Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 10.11.2017 10:04
Fant du det du lette etter?