Kulturprisen for Sør-Fron

SF sangkor.JPG - Klikk for stort bilde Kulturprisen vart delt ut fyrste gong i 1986. Her kan du sjå oversikt over alle som har mottatt prisen.

Aina Busch Sletten mottok kulturprisen i 2011 for sitt arbeid for dansemiljøet i Gudbrandsdalen. Her saman med ordførar Ole Tvete Muriteigen. - Klikk for stort bildeAina Busch Sletten mottok kulturprisen i 2011 for sitt arbeid for dansemiljøet i Gudbrandsdalen. Her saman med ordførar Ole Tvete Muriteigen. Bjørn Sletten Sør-Fron blir ofte kalla "kulturbygda", og kommunen har og har alltid hatt eit svært rikt kulturliv.

Spennet er stort - kommunen kan syne fram alt frå spelemannstradisjonar til artist in residence-ordningar, teater av nasjonalt kaliber, rockefestivalar, dansestudio og eit rikt organisasjonsliv - ikkje minst innafor idretten. 

For å heidre dei som går i front for kulturkampen i kommunen, har Sør-Fron kommune sidan 1986 delt ut Sør-Fron kommune sin kulturpris. Prisen blir delt ut annankvart år, og skal vera ein gåvesjekk og ei minnegave.

I spalten til høgre kan du sjå liste over tidlegare prisvinnarar.

Pris for stor innsats

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort stor innsats på områder innafor det utvida kulturomgrepet.

Prisen skal delast ut av formannskapet. Gjennom kunngjeringar i lokalavisene ber ein folk om å koma med begrunna forslag til kandidatar. Ved utdeling blir det teke omsyn til kven som har fått prisen tidlegare.

Små skihopparar var med å hylle prismottakar Torfinn Scheie under kulturkvelden i 2017. - Klikk for stort bildeSmå skihopparar var med å hylle prismottakar Torfinn Scheie under kulturkvelden i 2017. Bjørn Sletten

Kristen Brendhaugen mottok kulturprisen i 2015, mellom anna for sitt arbeid for friluftslivet i kommunen.  - Klikk for stort bildeKristen Brendhaugen mottok kulturprisen i 2015, mellom anna for sitt arbeid for friluftslivet i kommunen. Wenche Løfsgaard

Kulturprisen har vore delt ut sidan 1986. Dei fyrste åra var den delt ut kvart år, men sidan 2012 har den vore delt ut annankvart år. 

Prisen blir offentleggjort på seinhausten, med utdeling under kommunen sin kulturkveld i månadsskiftet januar/februar. Neste prisutdeling er hausten 2018. 

Kulturprisen for Sør-Fron 2018

Grunngjeve forslag på kandidatar kan sendast til Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron, eller på eget søknadsskjema

Frist: 15. oktober 2018.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 05.09.2018 10:47
Fant du det du lette etter?