Søknad om spelemidlar og andre tilskotsordningar innan kultur

Spelemidlar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Søknad om spelemidlar skal sendast om kommunen som prioriterer alle søknadane frå vår kommune. Blir det søkt om kommunalt tilskot i tillegg til spelemidlar, må kommunen sjølvsagt behandle denne. Kommunen ved kulturleiar (tlf. 61 29 91 54) vil også kunne bistå ved utfylling av søknaden. Kommunen har også ansvar for å sjå til at alle formelle krav blir oppfylt og at alle nødvendige vedlegg ligg ved. 

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. 

For å kunne motta spelemidlar må anlegget det blir søkt om tilskot til ligge inne i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er difor viktig at kommunen får informasjon om utbyggingsplanar så tidleg som råd.

Det kan søkjast om tilskot frå spelemidlane til

  • bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • nærmiljøanlegg
  • løyper og hytter i fjellet

Det skal brukast elektroniske søknadskjema. Ved å gå inn på nettsida www.idrettsanlegg.no finn du søknadskjema . Her finn du også nærare retningsliner for spelemiddelordninga. Søknadsfrist til Sør-Fron kommune er 15. oktober 2017.

 

  Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema

 

Kulturmidlar

Sør-Fron kommune støttar lag, organisasjonar og andre kulturtiltak. Frist for søknad om tilskot til kulturformål er 15. mars. Elektronisk søknadsskjema blir tilgjengeleg 22. februar og kan sendast til Sør-Fron kommune, kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron, eller på e-post til postmottak@sor-fron.kommune.no.

Til elektronisk søknadsskjema

 

Sør-Fron kommunes kulturfond - Ringdalsfondet

Fondet sine midlar skal kunne bli utbetalt som stipend til ungdom under 25 år i samband med vidareutvikling på felt innafor kulturområdet. Frist for å søkje er 15. mars. 

Til elektronisk søknadsskjema

 

Spelemidlar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Søknad om spelemidlar skal sendast om kommunen som prioriterer alle søknadane frå vår kommune. Blir det søkt om kommunalt tilskot i tillegg til spelemidlar, må kommunen sjølvsagt behandle denne. Kommunen ved kulturleiar (tlf. 61 29 91 54) vil også kunne bistå ved utfylling av søknaden. Kommunen har også ansvar for å sjå til at alle formelle krav blir oppfylt og at alle nødvendige vedlegg ligg ved. 

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. 

For å kunne motta spelemidlar må anlegget det blir søkt om tilskot til ligge inne i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det er difor viktig at kommunen får informasjon om utbyggingsplanar så tidleg som råd.

Det kan søkjast om tilskot frå spelemidlane til

  • bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • nærmiljøanlegg
  • løyper og hytter i fjellet

Det skal brukast elektroniske søknadskjema. Ved å gå inn på nettsida www.idrettsanlegg.no finn du søknadskjema . Her finn du også nærare retningsliner for spelemiddelordninga. Søknadsfrist til Sør-Fron kommune er 15. oktober 2017.

  Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema

 
Sist endret 29.08.2018 15:16
Fant du det du lette etter?