Turmål i Sør-Fron

Vi har vald ut 20 ulike turmål spreidd rundt i kommunen. På servicekontoret eller kulturkontoret i kommunen får du utdelt eit klyppekort med namnet på dei enkelte turmåla. På kvart turmål har vi hengt opp ei ”orienterings-klype” som du stemplar  kortet ditt med. 

Turkorta må sendast til  eller leverast i Sør-Fron kommune, servicekontoret eller kulturavdelinga  innan 1. nov.    

 

Premier

Dei som besøkjer minst 10 av turmåla får ei turmedalje som minne om at dei har vore flinke til å gått tur. Desse vil også vera med i trekninga av eit gavekort frå sportsbutikk .

 

Kontaktinformasjon

Treng du hjelp til å finne fram til turmåla, kan du besøkje Kulturkontoret/biblioteket eller servicekontoret i kommunen. Her kan du få råd om vegvalg og enkle kartskisser (dei same kartskissene finn du nedanfor) som viser vegen til dei enkelte turmåla. Servicekontoret har tlf. 61 29 90 00 (åpent 09.00 - 14.00)

God tur! 

Turgåarar med Storhøpiggen i bakgrunn - Klikk for stort bilde Skuletur på Skutellen - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Oversikt over turmål med kart

I 2017 har vi desse 20 turmåla

Turmål

Om turmålet

Skar

Kart 1

3 nedlagte småbruk 600 moh på austsida av dalen på grensa mot Nord-Fron. Pilegrimsleia går forbi her. Utgangspunkt for tur kan vera Kjorstad eller Solbrå.

2-3 timar tur/retur.

Skutellen

Kart 1 - 2

Utsiktspunkt på austsida ovanfor Harpefoss. Gammal vardeplass. Skutellen ligg i skilta og merka turstignett. Det er fleire aktuelle utgangspunkt frå Kilevegen. Stuttast er det frå Åsen. Her er det parkeringsplass. Ca 1 1/2 timar tur/retur.

Grønfjell

Kart 2

1134 moh. Fjelltopp på Østkjølen mellom Kvarvet og Afstjønna på grensa mot Nord-Fron. Du kan kjøre opp Kilevegen eller Kvarvegen. På Kvarvet kan du kjøre Grønfjellvegen gjennom dyrkingsfelta og inn til "Geitsetra". Her går det stig opp på Grønfjell.

1-2 timar tur/retur.

Du kan også gå frå Afstjønna på Sødorpsida.

Valsfjell

Kart 4

1143 moh. Turen kan starte ved alpinsenteret på Gålå. Du kan følgje stig ved sidan av skiheisen, eller du kan gå opp ved Solbråsetra. Turpostkassa er plassert på høgste toppen som ligg litt inne på platået.

Frå Alpinsenteret tek turen ca. 2-3 timar tur/retur.

Hardvolds-morka

Kart 1

Skogsområde mellom Skurdalsgrenda og Harpefossjuvet. Her er det lysløype og enkelte merka stigar. Turklypa finn du ved stigen merka med grønt, som går mellom lysløypa og Harpefoss kraftverk.

Frå Harpefoss sentrum om Harpefossen kraftverk tek turen ca. 1 time tur/retur.

Frå Anleggsvegen ca. ½ time tur/retur.

Her kan og fleire rundturar kombinerast med turpost besøk.

Hiet

Kart 1

Milorg-kåken "Hiet" ligg i Skurdalslia litt nord for Ulberg. Her låg tre karar frå Heimefronten i dekning under krigen. Ta av stig frå Skrangellivegen ovanfor Grindtorget. Du kan også gå skogsvegen frå Haug og følgje denne til endepunktet. Her går du nokre hundre meter nedåt til Hiet.

Frå Grindtorget tek turen ca. 1 time tur/retur.

For dei med GPS er koordinatane N61 33.158 E953.510.

Kvasskampen

Kart 9

835 moh. Du kjører Øverbygdsvegen mot Kampen. Rett ovanfor Hanggliderrampa, og til venstre for ei høg radiomast, kan du parkere. Du ser Kvasskampen stikk fram som ein bratt berghammar herifrå. Det er god stig opp mot Kvasskampen. Hundre meter frå toppen svingar du av hovudstigen til høyre. Det er skilta her.

Turen tek 1-2 timar tur/retur.

   

Nårkampen

Kart 5

1103 moh. På grensa mot Ringebu. Fin utsikt utover dalen. Turen er relativt lett når ein går frå Bålsetra. Skilta og merka stig. Turen tek 1-2 timar tur/retur.

Ruten

Kart 7 og kart 8

1517 moh. Fjelltopp på grensa mellom Nord-Fron og Sør-Fron. Svært god utsikt herifrå. Utgangspunkt for tur er Dalseter i Espedalen eller Grasliseter ovanfor Fagerli. Grei dagstur for dei fleste. Skilta og merka stig.

Frå Graslisetra tek turen ca. 3-5 timar tur/retur.

Dørdals-knappen

Kart 6

1126 moh. Fjelltopp i nærleiken av Fagerhøi på grensa mot Ringebu. Utgangspunkt for tur kan vera Fagerhøi/Aanekresetra.

Turen tek 1-2 timar tur/retur.

Svarthåmmåren

Kart  12

Høgdepunkt i nærleiken av Heggesetra på Søre-Lia 1004 moh. Utgangspunkt for tur: Heggesetra. Lettgått fjelltereng. Ca 1 – 2 t tur/retur

Skjerhells-kampen

Kart 3

Høgdepunkt ovanfor Baukholstulen 1032 moh Utgangspunkt for tur: Svintjønn.

Turen tek 1 time tur/retur.

   

Raudhaugen

Kart 9

1045 moh. Frå Østkjølvegen tek du av til høgre ein stutt km innafor bommen. Herfrå følgjer du vegen mot Stebergsetrin. Etter at du har passert eit dyrkingsfelt, tek du til høgre på stig langs eit gjerde og videre opp på Raudhaugen. Det er to høgdepunkt. Turmålet er plassert på søre toppen.

Frå Østkjølvegen brukar du 1-2 timar tur/retur.

Storhøpiggen

Kart 10

1433 moh. Ligg vest for Espedalen på grensa mot Langsua nasjonalpark. Utgangspunkt for tur: Bomveg til Storhøli i Nord-Fron.  Følg stig mot Espedalen. I Storhøglupen tek du til høgre opp på Storhøpiggen.

Turen tek ca. 2 - 3 timar tur/retur.

For meir info og andre rundturalternativ sjå brosjyre "Storhøpiggen" som du kan få i Sør-Fron kommune.

Liabekkskaret

Kart 3 og 11

Liabekkskaret ligg langs ein Ligg øvst i Skurdalslia, ikkje langt frå baukholstulen.

Kortaste vegen til Liabekkskaret er frå P-plassen Baukholstulen. T-merka stig ned til Liabekk-skaret.Turen tek ca. 1 time tur/retur.

Du kan også gå frå

Gålåvegen rett ovafor Søre Uppigard Skurdal kryssar den T-merka stigen Gålåvegen og fortsett langs skogsbilveg oppover lia. Turen tek ca. 1,5-2,5 timar tur/retur.

Kollberget

Kart 2

1050 moh. Liten topp sør for Grønfjell i nærleiken av Kvarvet. Utgangspunkt for tur kan vera Revfarmen. Her går du på skilta og raudmerka stig. Nedanfor toppen ta til venstre frå stigen. Her er det merka med vardar og raude merke. Turen tek

ca. 2 timar tur/retur.

Jetlunds-bakkane

Kart 13

Turmålet ligg på Pilegrimsleia mellom Forr og Dale-Gudbrands gard. Du kan gå frå avkjøring ved Forråfetten. Ca ein halvtime tur/retur

Breilegan

Kart 14

Breilegan ligg i fjellsida ovanfor Harpefoss sentrum. Utangspunkt for tur kan vera Harpefoss sentrum/Moarusta. Ligg i turområdet «Ryssland». Frå Moarusta er det skilta og merka stig.

Tur/retur brukar du rundt ein time på turen.

Ved Rundhøa

Kart 15

Rundhøa (1228 moh) ligg på Østkjølen rundt 5 km nordaust for Eldåseter som er utgangspunkt for tur.

Du følgjer råk som går mot Rundhøbua. (Dette er ikkje den T-merka turistruta som går inn mot Eldåbu og Vulutjønnin) På sørsida av høa, på grensa mot Stor-Elvdal er turmålklypa plassert. Går du nokre meter til ser du Rundhøbua som ligg 1 km lenger inn.  Turen  tek rundt 3 – 4 timar tur/retur

Skikju på Sørensenvegen

Kart 16

Utgangspunkt for tur er Toftgrenda. Ved innkjøringa til Tøfte hundepensjonat, går du til venstre og følgjer Sørensevegen inn til brua over Skikju, ca 1,5 km frå bilvegen. Turen tek ca ein time tur/retur. Du kan også følgje Sørensvegen vidare inn på fjellet. Du kjem inn på N Lia seterveg rett før Sveiphuslykkja.

Publisert av Systembruker. Sist endret 03.08.2017 12:41
Fant du det du lette etter?