Kommunalt næringsfond

Næringsfondet er eit verktøy for å fremje næringslivet, sysselsetjinga og busetnaden i Sør-Fron kommune. Hovudmålsettinga er å skape fleire arbeidsplassar og/eller å ta vare på dei arbeidsplassane vi har. 

 Kommunale næringsfond skal brukast slik:

  • Støtte eksisterande næringsliv i kommunen.
  • Verdiskapningspotensialet på kort og lang sikt skal vera ein del av vurderinga.
  • Legge til rette for ny næringsetablering og entreprenørskapskultur.
  • Støtte opp under regionale satsingar.
  • Auke kompetansen og legge til rette for nettverksbygging.

Har di verksemd rett til støtte?

Her kan du lese retningslinene for Sør-Fron kommune sitt næringsfond. (PDF, 52 kB)

Korleis søkjer eg?

Søknad om stønad frå næringsfondet leveres inn via portalen regionalforvaltning.no. 

Ta kontakt med tenesteleiar for kultur og næring, Bjørn K. Sletten, på bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no eller telefon 61 29 91 54 for bistand.