Laurdagsopent på biblioteket

hadetpaabadet1.jpg - Klikk for stort bilde Laurdag 23. februar blir det laurdagsopent bibliotek, med teaterforestillinga "Ha det på badet". 

"Ha det på badet" handlar om grisane Grise og Flax.   - Klikk for stort bilde"Ha det på badet" handlar om grisane Grise og Flax. Nils-Petter Aadland Laurdag 23. februar kl 12:00 er det klart for teater på Sør-Fron bibliotek. Da får vi nemleg grisete besøk mellom bokhyllene!

Grise & Flax

"Ha det på badet" handlar om dei to grisane Grise & Flax som rømmer når  eigaren deira - Fru Ribbermoen - bestemmer seg for at dei må bade. For å fange grisane blir Detek & Tiven hyra inn, og dermed er den elleville jakten i gang. 

"Ha det på badet" er ei tøysete og morosam forestilling kor alt foregår på rim, og som passar for alle mellom 3 og 100 år. 

Forestillinga er skrivi av Roger Hilleren og utvikla i samarbeid med Niels Peter Underland, og hadde urpremiere i 1996.

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 20.02.2019 10.02
Fant du det du lette etter?