Status for Hundorp 2021

Styringsgruppa for Hundorp 2021 samla på Dale-Gudbrands gard.  - Klikk for stort bilde Tusenårsmarkeringa for kristningsmøtet på Hundorp nærmar seg. Førre veke var styringsgruppa for prosjektet samla på Dale-Gudbrands gard. 

Styringsgruppa for Hundorp 2021 samla på Dale-Gudbrands gard.  - Klikk for stort bildeStyringsgruppa for Hundorp 2021 samla på Dale-Gudbrands gard. Ole Tvete Muriteigen Styringsgruppa for prosjektet har brukt det siste året på å lage eit fundament for Hundorp 2021 - der både målsettingar, målgruppe og innhald var vore tema.

Nå startar detaljplanlegginga av jubileet. 

Tankane som ligg til grunn for jubileet kan du lese om her.

Det var i 2016 at kommunestyret i Sør-Fron bestemte at ein i 2021 skal markere tusenårsjubileet for kristningsmøtet på Hundorp, møtet mellom kong Olav Haraldsson og Dale-Gudbrand i 1021.

Ei markering for heile dalen 

Oppland fylkeskommune er med på laget, og sjølv om Sør-Fron og Hundorp blir lokomotivet i tusenårsmarkeringa, ønskjer styringsgruppa og Oppland fylke at heile Gudbrandsdalen skal ta del i markeringa. 

Nå startar detaljplanlegginga av jubileet. Det skal settast ned tre arbeidsgrupper, ei kulturminnegruppe, ei formidlingsgruppe og ei arrangementsgruppe. Desse skal saman med prosjektleiar planleggje og gjennomføre ei rekkje tiltak i samband med jubileet. 

Ønskjer brei involvering

Styringsgruppa vil i løpet av våren 2018 invitere til  avsparkkonferanse for Hundorp 2021, der ideane for jubileumsåret vil bli presentert. Samtidig er det viktig å presisere at ein ønskjer brei involvering frå lag og foreiningar, barn og unge, profesjonelle miljø, skular og barnehagar og innbyggarane i Gudbrandsdalen. Derfor vil vi gjerne ha dine innspel!

Har du spørsmål eller tankar om jublieumsmarkeringa, bed vi deg ta kontakt med prosjektleiar Bjørn Kjellsson Sletten: bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

 

    

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 03.04.2019 10.43
Fant du det du lette etter?