Kulturprisen for Sør-Fron

Klikk for stort bildeKulturprisen vart delt ut fyrste gong i 1986. Her kan du sjå oversikt over alle som har mottatt prisen.

Klikk for stort bildeLiv Bjerke mottok kulturprisen for 2018. Bjørn K. Sletten Sør-Fron blir ofte kalla "kulturbygda", og kommunen har og har alltid hatt eit svært rikt kulturliv.

Spennet er stort - kommunen kan syne fram alt frå spelemannstradisjonar til artist in residence-ordningar, teater av nasjonalt kaliber, rockefestivalar, dansestudio og eit rikt organisasjonsliv - ikkje minst innafor idretten. 

For å heidre dei som går i front for kulturkampen i kommunen, har Sør-Fron kommune sidan 1986 delt ut Sør-Fron kommune sin kulturpris. Prisen blir delt ut annankvart år, og skal vera ein gåvesjekk og ei minnegave.

Her kan du sjå liste over tidlegare prisvinnarar. (PDF, 361 kB)

Pris for stor innsats

Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, lag eller institusjonar som har gjort stor innsats på områder innafor det utvida kulturomgrepet.

Prisen skal delast ut av formannskapet. Gjennom kunngjeringar i lokalavisene ber ein folk om å koma med begrunna forslag til kandidatar. Ved utdeling blir det teke omsyn til kven som har fått prisen tidlegare.

Klikk for stort bildeSmå skihopparar var med å hylle prismottakar Torfinn Scheie under kulturkvelden i 2017. Bjørn Sletten

Kulturprisen har vore delt ut sidan 1986. Dei fyrste åra var den delt ut kvart år, men sidan 2012 har den vore delt ut annankvart år. 

Prisen blir offentleggjort på seinhausten, med utdeling under kommunen sin kulturkveld i månadsskiftet januar/februar.