Kommunalt næringsfond

Næringsfondet er eit verktøy for å fremje næringslivet, sysselsetjinga og busetnaden i Sør-Fron kommune. Hovudmålsettinga er å skape fleire arbeidsplassar og/eller å ta vare på dei arbeidsplassane vi har. 

 Kommunale næringsfond skal brukast slik:

  • Støtte eksisterande næringsliv i kommunen.
  • Verdiskapningspotensialet på kort og lang sikt skal vera ein del av vurderinga.
  • Legge til rette for ny næringsetablering og entreprenørskapskultur.
  • Støtte opp under regionale satsingar.
  • Auke kompetansen og legge til rette for nettverksbygging.

Har di verksemd rett til støtte?

Her kan du lese retningslinene for Sør-Fron kommune sitt næringsfond. (PDF, 52 kB)

Søknad om stønad frå næringsfondet sendes til postmottak@sor-fron.kommune.no. 

Publisert av Bjørn Kjellson Sletten. Sist endret 20.05.2019 12.05
Fant du det du lette etter?