Rutinar for utsett skulestart eller framskunda skulestart

Utsett skulestart

I nokre tilfelle vurderer foreldre og barnehage om 6 åringen skal vente eitt år med å begynne på skulen, altså utsett skulestart. Opplæringslova opnar for moglegheita til å søkje kommunen om utsett skulestart.

 

Lovgrunnlaget

Opplæringsloven §2-1, 3. ledd:

«Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er kome tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år.»

 

Saksgang

  • Foreldre sender søknad om utsett skulestart til kommunen v/ kommunalsjef innan 1. januar det året barnet opphavleg skal starte på skulen.
  • PPT utredar barnet og skriv ei sakkunnig vurdering. PPT kjem deretter med ei vurdering/ tilråding av utsett/ ikkje utsett skulestart innan 14. februar.
  • Kommunen hentar informasjon frå barnehagen og sakkunnig vurdering før eit vedtak om utsett/ ikkje utsett skulestart blir fatta innan 28. februar.  
  • Vedtaket kan klagast på i samsvar med forvaltningslova kap. 6. Klagen må setjast fram skriftleg innan tre veker etter at vedtaket har blitt gjort kjent for foreldra. Ei eventuell klage skal sendast Sør-Fron kommune v/ kommunalsjef for Levekår.

 

Kva blir vurdert?

Om barnet har kome tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte på skulen. Eit viktig spørsmål i vurderinga er om barnet har meir nytte av å gå eitt år til i barnehagen, og om dette gir ei meir positiv utvikling og eit betre grunnlag for å begynne på skulen. Vurderinga skal ta for seg barnehagetilbodet ved utsett skulestart, samanlikna med eit tilpassa opplæringstilbod i skulen (gruppestørrelse, aldersfordeling, organisering av tilbod osv).

  • Barn som kan kvalifisere for utsett skulestart kan vere:
    • Barn som med eitt ekstra år i barnehagen blir vurdert til å ha eit betre utbytte av undervisninga ved skulestart (til dømes minoritetsspråklege barn)
    • Barn som er født svært seint på året (november/ desember)

 

Trykk her for å komme til søknadsskjemaet for utsett skulestart

 

Framskunda skulestart

Foreldre har moglegheit til å søkje om å la barnet starte på skulen eitt år tidlegare, altså som 5-åring.

 

Lovgrunnlaget

Opplæringsloven §2-1, 3. ledd:

«Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år…. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.»

Saksgang

  • Foreldre sender søknad om framskunda skulestart til kommunen v/ kommunalsjef innan 1. januar våren før ønska skulestart, altså våren barnet fyller 5 år.
  • PPT utredar barnet og skriv ei sakkunnig vurdering. PPT kjem deretter med ei vurdering/ tilråding av framskunda/ ikkje framskunda skulestart innan 14. februar.
  • Kommunen hentar informasjon frå barnehagen og sakkunnig vurdering før eit vedtak om framskunda skulestart/ ikkje framskunda skulestart blir fatta innan 28. februar.  
  • Vedtaket kan klagast på i samsvar med forvaltningslova kap. 6. Klagen må setjast fram skriftleg innan tre veker etter at vedtaket har blitt gjort kjent for foreldra. Ei eventuell klage skal sendast Sør-Fron kommune v/ kommunalsjef for Levekår.

Kva blir vurdert?

  • Barnet må vere fylt 5 år innan 1. april det kalenderåret barnet søkjer om framskunda skulestart.
  • For å få framskunda skulestart må barnet som 5-åring vere minst like modent som 6-åringen på det intellektuelle, språklege, motoriske og sosiale området.
  • Sjølv om barnet ser ut til å vere fysisk, sosialt og intellektuelt modent som 5-åring, er det viktig å vere klar over at dette ikkje nødvendigvis vil henge saman med skuleprestasjonar 5 - 10 år framover i tid, når det faglege innhaldet begynner å bli meir abstrakt og komplisert.

Trykk her for å komme til søknadsskjemaet for framskunda skulestart