Ida Rønshaugen er oppvokse på Harpefoss i Sør- Fron kommune. Musikkinteressa vart vekt i tidleg alder. Ho spelte fleire instrument før det var saksofonen som vart hennar hovudinstrument. Etter endt vidaregåande utdanning på musikklina på Vinstra vidaregåande skule, flytta Ida til Oslo for å studere ved musikarlinja på NISS- Nordisk Institutt for Scene og Studio (nå ein del av Høyskolen Kristiania). Det påfølgjande året kom Ida inn på prestisjetunge Norges Musikkhøgskole, kor ho tok ein bachelorgrad i musikkpedagogikk med fordjupning i jazzsaksofon. I 2014- 2016 tok ho ein mastergrad i musikkpedagogikk ved same institusjon, kor masteroppgåva ho skreiv handla om mental trening innafor øving på jazzsaksofon. For dette fekk ho det høgtståande stipendet utdelt av CEMPE- Senter for fremragende utdanning i musikkutøving. Masteroppgåva har fått merksemd fleire stader, og Ida har vore gjest blant anna på Universitetet i Tromsø for å presentere sine funn for lærarar og professorar. Masteroppgåva har også fått merksemd i musikkmagasinet Musikkultur.
Interessa for å komponere voks seg større frå 2005, da Ida flytta til Oslo. Nokre av desse komposisjonane har vorte utgitt på albuma «The Blue and Wise Cats», utgitt i 2013, og «Storm», utgitt i 2017. I 2016 vendte Ida heim etter elleve år i Oslo, og busette seg på Harpefoss. Ida har spelt konsertar både nasjonalt og internasjonalt, i blant anna England, Frankrike, Tyskland, Nederland, Irland og Libanon. Låtane hennar har vorte hyppig spelt på NRK Jazz, og også på NRK P1 og NRK P2. Dei har også fått merksemd i utanlandske medium og radiokanalar, blant anna i Chile og Mexico. I 2018 valte NRK å bruke nokre av Ida sine komposisjonar til den nye dokumentaren «Hestegjeteren i Sikkilsdalen», som har gått på NRK 1.
Ad Cantus er eit regionkor for Gudbrandsdalen. Koret feira 10-årsjubileum i 2018 med bestillingsverket «Draumen», ei suite for kor og hardingfele av Henrik Ødegaard til fem dikt av Olav H. Hauge. Verket vart fullfinansiert av Den norske komponistforening. Koret presenterer ein årleg, større konsertproduksjon, gjerne i samarbeid med profesjonelle aktørar. Publikum kjenner kanskje koret aller best frå oppsetninga av Mozarts Requiem med profesjonelle musikarar og solistar i 2015 og eit årelangt samarbeid med Iver Kleive med oppsetningane av hans sterke Requiem. Ad Cantus har markert seg sterkt i den lokale korkonkurransa Tretten Kor-cup, men koret har også konkurrert nasjonalt. Koret fekk si hittil sterkaste plassering i NM for kor i 2017 med ein 5. plass i klassa for Blanda kor klasse A. Medlemane i Ad Cantus får plass etter prøvesang, og koret har månadlege øvingssamlingar i Ringebu. Dirigent er Åshild Alette Haugstad.