
I løpet av jubileumsåret 2021 arrangerte Hundorp 2021 ulike ungdomsverkstader. Felles for alle, var at ein profesjonell kunstnar eller utøvar i sin sjanger, møtte ungdom i sitt lokalmiljø.
Ungdommane er i utgangspunktet del av ei gruppe, ein organisert aktivitet. I jubileumsåret skal dei i møte med den profesjonelle og aktiviteten dei gjer saman, reflektere over spørsmål knytt til Nasjonaljubileet – NORGE I TUSEN ÅR, og Hundorp 2021 spesielt, som; kva er nåtida sitt klubbeslag, kva endringar står vi ovanfor? Dei reflekterer over kva som er bra med å bu i Norge i dag og kva dei tenkjer om sitt eige liv og kvar dei er om ti år frå no.
I videoane under kan du sjå resultata av desse kulturmøta. Kanskje fører det til endring, kanskje ikkje.
Sjå også informasjon og videoar om ungdomsprosjektet “Ungdommens hærpil”.
Prosjekta er eit samarbeid mellom Hundorp 2021, UKM og lokale aktørar i Innlandet fylke.