
Sør-Fron ungdomsskule har produsert sin versjon av ei hærpil, denne gangen ei fredeleg pil, som skal gå ut til andre ungdommar, inviterte gjester og folk, for å fortelje om at på Olsok i 2021, er det på Hundorp det skjer. Ungdommane som får dei fredelege hærpilene, blir invitert til å delta i feiringa og skal blant anna lage innslag til Slagkraft! på tusenårsfesten sin dag 3.
Hærpilene har innsvidd runeskrift som mottakarane må tyde for å få meir informasjon.
Nasjonal vidareføring
Ungdommens hærpil har etter oppstarten under Hundorp 2021 vorte ein del av nasjonaljubileet Norge i tusen år: Les meir om Ungdommens hærpil her!
Sjå filmar:
I juli la fire ungdommar frå Innlandet ut på turne med hærpilinvitasjonar til ungdomsmiljø i heile fylket. Les om turneen på nettsidene til Innlandet fylkeskommune, og følg turneen deira på Hundorp 2021 sin Instagramprofil!
Du kan også sjå filmar frå turneen her: