Vikingdag på Hundorp

Eit undervisningsopplegg for alle sjetteklassingar i Midt-Gudbrandsdalen og Sel.

Vikingdagen på Hundorp, Dale-Gudbrands gard er eit tilbud til alle 6. klassingar i Midt-Gudbrandsdalen. Målet er at elevane skal gjera ei tidsreise tusen år bakover til vikingtida. Dette var ei spanande brytningstid i Norge i overgangen frå norrøn tid til middelalderen og innføring av kristendommen.

Elevane bruker ein heil skuledag, inkl. transport, på opplegget. For å få plass til alle elevane bruker vi to dagar på gjennomføringa. Sør-Fron kommune v/kulturavdelinga står ansvarleg for arrangementet, blant anna med støtte frå den kulturelle skulesekken, Ringebu, Nord-Fron og Sel kommunar.

Praktisk informasjon

  • Dato: 11. og 12. september 2025
  • Stad: Hundorp, Dale-Gudbrands gard
  • Transport: Buss frå skulane (Skulane må ordne skyss sjølve)
  • Mat og klede: Elevane får suppe, med diverse rotvekstar og oksekjøt i. Ungane kan i tillegg ha med seg matpakke. Dei vil få drikke, vatn eller saft. Ha på godt med klede og gode sko (det kan vera vått i graset).
  • Kostnader: Dei enkelte kommunane betaler ein fast årleg sum for å delta på Vikingdagen. Dette blir dekt med midlar frå den kulturelle skulesekken. Skyssen må kvar enkelt skule stå for.

Sjå programmet for Vikingdag 2025 her (PDF, 580 kB)

Sjå kart over området her (PDF, 532 kB)

Slik kan du førebu deg på Vikingdagen

På Vikingdagen er alle elevane med på å synge og danse “Visa om Dale-Gudbrand”. 

Lydfil: Lytt til innspeling av Dale-Gudbrand-visa som elevane kan synge med til. (MP3, 4 MB)

Teksten: Last ned teksten til visa om Dale-Gudbrand som ungane skal lære seg. (PDF, 177 kB)

Danseinstruksjon: Lær deg dansestega slik at du kan vera med på dansen i tunet på slutten av dagen! (PDF, 100 kB)

Lær å danse vikingdans: