Betalingssatsar barnehage
Betalingssatser for barnehage frå 01.08.2025 - 31.12.2025
Satsar for barnehagen
Foreldre skal ikkje betale meir enn makspris for barnehageplass. Stortinget fastset maksprisen. Frå 1. august 2025 er maksprisen satt til 1.200,00 pr. månad. I dei minste kommunane (kommunar som ligg i sentralitetssone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå) blir maksprisen redusert til 700.00 pr månad. Sør-Fron ligg i sone 5.
For familiar som har tre (eller fleire) barn i barnehage samtidig, har regjeringa innført gratis barnehage for det tredje barnet.
Sør-Fron kommune følgjer Stortingets vedtak om maksimalsats for foreldrebetaling.
Foreldrebetaling og kostpengar i barnehage blir fakturert for 11 månadar pr. år. Juli er betalingsfri månad.
Syskenrabatt for opphaldsbetaling
Om du har fleire barn i barnehage skal kommunen sørgje for at du får syskenmoderasjon. Dette gjeld også om barna går i forskjellige barnehagar i kommunen. Syskenmoderasjonen er som følgjer:
- Full pris for første barnet.
- 30 % rabatt for andre barnet.
- 100 % rabatt for øvrige sysken.
Enkeltdagar:
Kjøp av enkeltdagar i barnehage: kr. 391,00 pr. dag inkludert kost.
Publisert 05.06.2024 10.49
Sist endret 27.06.2025 10.43