Om Hundorp 2021

Hovudmålgruppa for Hundorp 2021 er barn og unge, og tusenårsjubileet skal skape positivitet og framtidstru. 

Gjennom fokuset på møtet mellom den nye og den gamle trua, og brytningstida mellom vikingtid og kristendom, ønskjer vi å sette søkjeljos på vår tids kulturmøte og kva for store endringar vi står overfor.

Tusenårsjubileet skal også auke kunnskapen om klubbeslaget på Hundorp, startskotet for eit «nytt» Noreg, og heile Gudbrandsdalen si rolle i nasjonal historie. 

Organisasjonen

Styringsgruppa for prosjektet består av:

  • Ole Tvete Muriteigen (ordførar i Sør-Fron), leiar
  • Even Aleksander Hagen, fylkesordførar
  • Øystein Rudi, direktør for Gudbrandsdalsmusea
  • Solveig Fiske, biskop i Hamar
  • Rasmus Stauri, representant for grunneigarane ved Dale-Gudbrands gard
  • Øyvind Frich, eigar og drivar på Dale-Gudbrands gard
  • Kristinn Olason, representant for Sør-Fron sokneråd

I tillegg møter seksjonssjef for kultur i Innlandet, Kyrre Dahl, og Mariann Bjelle og Jørn Øversveen frå Innlandet fylkeskommune.

Planar og dokument

Kommunestyret i Sør-Fron gjorde 14.06.2016 vedtak om å setje i gang planlegginga av 1000-årsmarkeringa av kristningsmøtet på Hundorp i 1021.

I lenkene under finn du relevante planar, dokument og politiske vedtak som er gjort.

Den grafiske profilen til Hundorp 2021 er utvikla av Krible design. Logoen ser du til venstre, profilhandboka vår finn du her.