Harpefoss barnehage

Harpefoss barnehage er ein kommunal treavdelingsbarnehage for barn i alderen 0-6 år. 

Avdelingane heiter Kvitberget, Raudhaugen og Blåbærfjell. 

Harpefoss barnehage Info
InformasjonAdresse og telefonummer
BesøksadresseVintervegen 315, 2647 Sør-Fron
PostadresseSør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Åpningstider i barnehagen06:45-16:30
BlåbærfjellTlf.: 95 48 05 80
RaudhaugenTlf.: 95 47 79 87
KvitbergetTlf.: 95 48 04 26
StyrerTlf.: 48 12 48 85

 

Harpefoss barnehage har 15 faste tilsette. Vi tilfredsstiller krav til pedagogisk bemanning og bemanningsnorm generelt. 

Gjennom året brukar vi vikarer ved behov, i samband med for eksempel sjukdom, ferie, permisjonar osv. Det blir sendt ut beskjed i føresett-appen kvar gong ein vikar er sjå oss i barnehagen for første gong. 

Liv Randi Sundhagen er styrar i Harpefoss barnehage. 

Sør-Fronsdiamanten

Sør-Frondiamanten, med fokus på mestring, mitt nærmiljø. medverknad og motivasjon. - Klikk for stort bilde

Overordna mål for skule og barnehage i Sør-Fron er at alle skal få ut sitt potensiale. Vi vil ha barn som medverker, som er motivert og som ser moglegheiter. Vi ønskjer at barna skal kjenne på heimstadstoltheit og ha trua på ei framtid i Sør-Fron. Barnehagen skal bidra til at barna blir trygge på seg sjølv, kjenne at dei er gode nok og at dei kan møte og meistre utfordringer dei møter nå og i livet seinare. Sør-Fronsdiamanten er felles for oppvekst og skal gå som ein raud tråd gjennom barnehage, barneskule og ungdomskule. 

Når vi planlegg og gjennomfører pedagogiske opplegg i barnehagen skal Sør-Fronsdiamanten vere grunnlaget for arbeidet, saman med barnehageloven og rammeplan for barnehagen. Diamanten vil vere utgangspunktet for korleis vi arbeider med formålet og verdigrunnlaget for barnehagen.

Alle tilsette i barnehagen skal jobbe etter verdiane som ligg i diamanten og i barnehagen sitt formål og verdigrunnlag, jfr: Barnehageloven § 1. Gode tilsette som er bevisst sitt ansvar skal vere hovudmålet for verksemda.