- Kroken har 25 barn fødd i 2021 og 2022
- Toppen har 16 barn fødd i 2023 og 2024
- Svingen har 12 barn fødd i 2024 og 2025
- Plassen har 12 barn fødd i 2024 og 2025
Barnehagen har eit stort, flott uteområde med moglegheit for variert leik. I tillegg til at kvar avdeling disponerer eigne rom har vi gymsal, sløydsal og fleire grupperom som er felles.
Opningstider
- Barnehagen har ope måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.30.
- Vi har felles frokost på kvar avdeling frå kl. 08.00, lunsj mellom kl. 10.45 og 11.30 og ettermiddagsmat mellom kl. 13.45 og 14.30.
- Vi har varm lunsj ein dag i veka og brød/knekkebrød og frukt/grønsakar til ettermiddagsmat.
Avdelinger
Kroken: På Kroken jobbar Mona C. Baukhol (pedagogisk leiar), Linda Jacklin Haugen (pedagogisk leiar), Monica Haverstadløkken (barne- og ungdomsarbeider), Anna Magny Holten (barne- og ungdomsarbeider), Anita Abel Opsahl, (barne- og ungdomsarbeider), Alexander Eide Silli (barnehagemedarbeider), Veronica Løkkhaug Fossehagen (barnehagemedarbeider), Ina M. Jonhaugen (barne- og ungdomsarbeider) og Thea Sakstad (lærling).
Toppen: På Toppen jobbar Hilde Rønshaugen (pedagogisk leiar), Sandra J. Aspeslåen (barne- og ungdomsarbeider, pedagogisk leiar på dispensasjon), Aud Ingrid Ruud (barne- og ungdomsarbeider), Karoline Haverstadløkken (barnehagemedarbeider) og Anita Abel Opsahl, (barne- og ungdomsarbeider).
Svingen: På Svingen jobbar Barbro Bratlien (pedagogisk leiar), Jolanta Stoskiene (miljøarbeider, pedagogisk leiar på dispensasjon). Ane Kappelslåen Stuen (barne- og ungdomsarbeider), Mari Maurstad Vollan (barne- og ungdomsarbeider), Bettina Haverstadløkken Rognli (barnehagemedarbeider) og Ragnhild Breien Jetlund (lærling).
Plassen: På Plassen jobbar Mette Skogen (pedagogisk leiar), Martine Bruvang (pedagogisk leiar), Jane Helland Brubak (barne- og ungdomsarbeider), Karin Jansen (barnepleier) og Bettina Haverstadløkken Rognli (barnehagemedarbeider).
Ekstraressurs - Anna Jasinska (barnehagemedarbeidar)
Tilsette i permisjon: Gunn Tove Lunde, Karoline Kluften og Tone Morken
Gjennom året brukar vi vikarar ved behov, i samband med for eksempel sjukdom, ferie, permisjonar osv. Det blir sendt ut beskjed til alle foreldre i føresett-appen kvar gong ein ny vikar er i barnehagen. I tillegg vil avdelingene informere om vikarbruk da det førekjem.
Mette Gjefsen er styrar i Liene barnehage.
Sør-Fronsdiamanten

Overordna mål for skule og barnehage i Sør-Fron er at alle skal få ut sitt potensiale. Vi vil ha barn som medverker, som er motivert og som ser moglegheiter. Vi ønskjer at barna skal kjenne på heimstadstoltheit og ha trua på ei framtid i Sør-Fron. Barnehagen skal bidra til at barna blir trygge på seg sjølv, kjenne at dei er gode nok og at dei kan møte og meistre utfordringer dei møter nå og i livet seinare. Sør-Fronsdiamanten er felles for oppvekst og skal gå som ein raud tråd gjennom barnehage, barneskule og ungdomskule.
Når vi planlegg og gjennomfører pedagogiske opplegg i barnehagen skal Sør-Fronsdiamanten vere grunnlaget for arbeidet, saman med barnehageloven og rammeplan for barnehagen. Diamanten vil vere utgangspunktet for korleis vi arbeider med samfunnsmandatet (formålet) og verdigrunnlaget for barnehagen.
Samfunnsmandat og verdigrunnlag
Barnehagen sitt samfunnsmandat (formålet til barnehage) Barnehageloven § 1 seier at barnehagen skal gje barna moglegheit til å utvikle seg ut frå eigne føresetnader, og ivareta alle barn sine behov for omsorg, leik, læring og danning i nært samarbeid med foreldra. Omgrepa heng tett saman og er grunnverdiar i norsk barnehagetradisjon. Rammeplan for barnehagen beskriv i kapittel 1, med utgangspunkt i barnehageloven, verdigrunnlaget som skal komme til syne i alle barnehagar i Noreg.
Mette Gjefsen
Alle tilsette i barnehagen skal jobbe etter verdiane som ligg i diamanten og i barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag, barnehageloven § 1. Gode tilsette som er bevisst sitt ansvar skal vere hovudmålet for verksemda.
Utviklingsarbeid
I Liene arbeider vi også med eit utviklingsarbeid. Les meir om det på side 6 i årsplanen vår.