Redusert foreldrebetaling i barnehage
Hvis maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet, har de rett på redusert pris. Ordningen går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta sin til barnehagen.
Frå 1. august 2025 gjeld dette for hushald som har samla inntekt som er lågare enn 128 333. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar.
Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar.
Alle 2-, 3-, 4- og 5- åringar, barn med utsatt skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timer gratis opphald i barnehagen per veke.
Denne ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 669 050 kroner (frå 1. august, 2025).
Søknader om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid kan du gjere i foresattportalen i Visma.
Pris for kost er ikkje med i desse ordningane.
Sjå føringane nasjonalt her
Søknadsfrist for heile barnehageåret 2025/2026 er 01.08.2025
Frist for søknader gjennom året er den 1. i kvar månad og blir behandla med verknad frå påfølgjande månad.