I Sør-Fron kommune har vi to barneskular og ein ungdomsskule:
Harpefoss skule (1. - 7. klasse)
Midtbygda skule (1. - 7. klasse)
Sør-Fron ungdomsskule (8. - 10. klasse)
Vi har som mål å ha eit godt fagleg og psykososialt miljø der den enkelte opplev tryggleik og sosialt fellesskap.
Verksemdplanen for oppvekstavdelinga beskriv vår felles overordna visjon og verdiar:
Visjon: "Trivsel og læring for alle"
Verdiar: Kvalitet, respekt, inkludering og relasjonar
Skulane og barnehagane i Sør-Fron kommune ønskjer å ha ein tydeleg og felles profil. Oppvekstavdelinga arbeider mot felles mål og ein høg kvalitativ standard. Opplæringa skal utvikle elevane sitt totale læringsutbytte slik at dei møter meistring i kvardagen og kan strekkje seg mot nye mål.
Skulane har som mål å ha eit godt psykososialt læringsmiljø der den enkelte elev opplev tryggleik og sosialt fellesskap. Det skal vera nulltoleranse for mobbing og diskriminering i skulane i Sør-Fron.
MOT og "Handlingsplan for eit godt og inkluderande skulemiljø" er godt innarbeidd i skulane.
Skulane i Sør-Fron deltek i dei nasjonale satsingane: "Vurdering for læring" og "Ungdomsskulen i utvikling".
Kva for ein skule skal barnet mitt gå på?
Barnet skal gå på den skulen som ein soknar til i høve til bustad.
Ta kontakt med oppvekst i kommunen.
Må eg melde inn barnet mitt til skulestart?
Du treng ikkje melde inn barnet ditt til skulestart, så lenge barnet går i barnehage i Sør-Fron. Skulane sender brev til førsesette om innskriving av nye 1. klassingar og skulestart i 1. klasse. Innskrivinga er på skulen i starten av februar kvart år.