Sør-Fron kommune har vedteke å byggje ny 1-10 skule, med plassering der Sør-Fron ungdomsskule var lokalisert, i tilknytning til Sør-Fron kulturhus og Fron Badeland på Harpefoss.
Som ei midlertidig løysing i byggjeperioda, vart barneskulane Midtbygda og Harpefoss slått saman til ein skule, 4. mars 2024. Sør-Fron ungdomsskule er midlertidig flytta til Harpefoss skule sine tidlegare lokale. Den nye skulen skal etter planen stå ferdig hausten 2026.
Midtbygda- og Harpefoss skule ligg i gangavstand, om lag 1 km, frå sentrum. Etter bilvegen er det om lag 2 km frå sentrum. I sentrumsområdet ligg kommunehus, helsestasjon, bibliotek, idrettsbane/ skøytebane, butikkar og kyrkja.
Skulen har eit fint uteområde med mange leikeapparat, ein aktivitetskiosk og ein ballbinge. Uteområdet er òg tilgjengeleg og mykje brukt, utanom skuletida.
I vinterhalvåret får vi disponere landbruksareal ved skulen til akebakke og skileik. I tillegg har skulen to gapahukar, som også ligg i gangavstand. Der har vi uteaktivitetar gjennom heile året.
Oversikt over organisering av skuledagen finn du her (PDF, 107 kB)
Skuleruta 2024/2025 (PDF, 175 kB)