Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er eit frivillig omsorg- og fritidstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn på 1.- 4. trinn og for barn med spesielle behov på 1.-7. trinn.

Opningstider

  • SFO sine opningstider følgjer skuleruta, bortsett frå i haust og vinterferien. 
  • Haust- og vinterferievekene er med i den faste betalinga, men det blir sendt ut eiga påmelding i forkant.
  • SFO er open i haust- og vinterferien dersom det er fleire enn åtte påmeldte barn.

SFO om sommaren

  • I sommarferien er SFO stengt fire veker i juli.
  • Sommar-SFO er utanom det vanlege tilbodet, og det er eiga påmelding og ekstra betaling for dette tilbodet.

Søke SFO-plass?

Det gjer du via Visma Flyt skule-appen.

Søk her