Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er eit frivillig omsorg- og fritidstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn på 1.- 4. trinn og for barn med spesielle behov på 1.-7. trinn.

SFO sine opningstider følgjer skuleruta, bortsett frå i haust og vinterferien. Dei vekene er med i den faste betalinga, men det blir sendt ut eiga påmelding i forkant.

SFO er open i haust- og vinterferien dersom det er fleire enn åtte påmeldte barn.

I sommarferien er SFO stengt fire veker i juli.

Sommar-SFO er utanom det vanlege tilbodet, og det er eiga påmelding og ekstra betaling for dette tilbodet.

Søke SFO-plass?
Det gjer du via Visma Flyt skule-appen.

Søk her