Skuleskyss

Opplæringslova gir deg rett til gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule er meir enn 2 km (1.trinn) eller 4 km (2.-10.trinn). 

Skulane eller kommunen melder inn skysselevar til Innlandstrafikk, som organiserer og planlegg skuleskyssen. 

Innlandstrafikk sine reglar og retningsliner for skuleskyss finn du her. 

Her finner du oversikt over Innlandstrafikk sine ruter, inkludert rutetabeller for skolebussene:

Rutetabeller

I saker der fylkeskommunen har avgjerdsmynde sender Innlandstrafikk ut vedtak på skyssopplegget til kvar enkelt. Retningslinjer for klage på skyssopplegget står i vedtaket.  

Skysskort

  • Nye skysselevar får utdelt skysskort ein av dei første dagane på skulen. 
  • Dette gjeld og for 1. klassingar. Tidlegare fekk dei refleksbrikke som skyssbevis, nå får dei og skysskort. 
  • Skysskortet skal brukast alle årene eleven har krav på skyss til og frå skulen. 
  • Dersom kortet er mista eller øydelagt må det meldes frå til skulen, for å bestille nytt kort. 
  • Frå og med 8. klasse må eleven sjølv betale 150 kr. for nytt kort.
     

Trafikkfarlig skuleveg?

Kommunen har avgjerdsmyndigheit i saker om fri skuleskyss når skulevegen er særskilt farleg eller vanskeleg og avstanden mellom heim og skule er under 2 og 4 km. For avstand over 2 og 4 km har fylkeskommunen avgjerdsmynde. 

Her finn du vurderingskjema for trafikkfarlig skuleveg under 2 og 4 km

Aktuelle skjemaer

Skjema for søknad om skuleskyss ved sjukdom/funksjonshemming

Skjema for søknad om skuleskyss ved delt bustad

Vurderingskjema for trafikkfarleg skuleveg over 2 og 4 km

Har du spørsmål?

Trafikksikkerhet 

Viktig: Bruk setebelte både i buss og drosje.