Mål
Midt-Gudbrandsdal Pedagogisk-psykologisk teneste (MGPP) skal stå til teneste for barn og unge frå 0-16 år (Opplæringslova §5) og vaksne med særskilte opplæringsbehov (Opplæringslova §4A-2). I tillegg til individrettet arbeid har tenesta ansvar for å bistå i det systemretta arbeidet som drives i barnehagar og skular.
Tenesten skal også omfatte rådgivning til foreldre og elevar som ønskjer det.
Tenesta er frivillig og gratis for brukarane.
Arbeidsområde
MGPP arbeider med ulike vansker og deler desse grovt inn i ;
- Generelle og spesifikke fagvanskar.
- Språk og kommunikasjonsvansker
- Psykososiale vanskar (kjensle- og mellommenneskjelege vanskar)
- Samansette lærevanskar,(som syndrom, fysisk og psykiske funksjonshemmingar)
Barn/elever under 15 år skal henvises av foresatte sjølv eller i samråd med barnehage, skule, helsestasjon eller andre. Ungdom over 15 år skal henvise sjøl og kan på eige initiativ ta kontakt med pp-tenesta. Henvisning skal vera skriftleg.
Tenesta omfatter
- Sakkyndige vurderinger i høve til opplæringsloven §5, spesialpedagogisk hjelp i barnehagar, spesialundervisning i skulen og vurderinger ved søknad om framskutt/utsett skulestart m.m.
- Rettleiing i forhold til barnehagar og skoler.
- Delta i tverretatlig og tverrfagleg arbeid i kommunane.
- Vera samarbeidspartner og bidragsyter i systemretta kompetanseutvikling i barnehage og skule.
Saksbehandling
Henvisninger behandles fortløpende men MGPP ynskjer henvisningar motteke innan 01.november for å sikre at barnehage og skule får oversikt over ressursbehov for neste barnehage- og skuleår.
Det kan ikkje klagast på sakkunnig vurdering da denne er rådgjevande. Sjølve vedtaket fattes av ansvarlig i kommunen, og dette kan påklages.
Lovgrunnlag
MGPP arbeider hovudsakleg etter Opplæringslova. I høve til saksbehandling er Forvaltningslova, Kommunelova og Lov om personopplysning aktuelle - sjå www.lovdata.no