Fritidsstipend for barn og unge i Sør-Fron
Sør-Fron kommune tilbyr fritidsstipend til barn og unge.
Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar.
Når er søknadsfristen?
- Du kan søke heile året.
- Kommunen behandlar søknadane fortløpande.
Kven kan søke?
- Foreldre/foresatte til barn og unge opp til 24 år som av ulike grunnar ikkje har økonomisk mogleik til å delta i fritidsaktivitetar.
Kva går Fritidsstipendet til?
- Stipendet skal dekke medlems- eller treningsavgift til éin fast organisert fritidsaktivitet.
- Dette kan vera medlemskap i eit idrettslag, korps, 4H-foreining eller liknande der barnet/ungdommen deltek i ein eller fleire organiserte aktivitetar.
- Om du får innvilga fritidsstipend på ein aktivitet er dette ingen garanti for at laget/organisasjonen har plass/gir tilbod til ditt barn.
Kva kan ein ikkje søke støtte til?
- Profesjonelle satsingar.
- Fritidssstipendet dekker ikkje årskort/halvårskort eller inngangsbillett på Fron badeland.
- Fritidssstipendet dekker ikkje årskort/halvårskort eller inngangspengar på treningssenter.
- Fritidstipend dekker berre deltaking i ein aktivitet per søker per semester. Det blir ikkje innvilga Fritidsstipend for meir enn ein aktivitet om gongen.
- Dersom eit barn eller ungdom allereie deltar på ein organisert fritidsaktivitet, er det ikkje mogleg å søke om støtte til aktivitet nummer to via Fritidstipend.
Korleis søker ein?
- Du søker Fritidsstipend ved å benytte eit enkelt elektronisk søknadsskjema.
- Her må du oppgi opplysningar om kva for aktivitet du søker stipend til, namn, alder på barn og så vidare.
Gå til elektronisk søknadsskjema
Slik blir støtta utbetalt:
- Laget/foreininga får beskjed om at barnet/ungdommen har fått stipend.
- Oppgjer for deltakaravgift foregår mellom kommunen og organisasjonen.
- Budsjettet er begrensa og vil bli fordelt innafor tilgjengelege midlar. Dvs. ingen har krav på å få innvilga sin søknad.
Vi opplyser også om:
Har du spørsmål?
Ta kontakt med:
Bjørn Kjellsson Sletten, bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no, tlf. 974 71 997
Publisert 16.04.2024 15.11
Sist endret 15.08.2025 15.23