Hiet

Milorg-kåken ”Hiet” ligg i Skurdalslia litt nord for Ulberg. Her låg tre karar frå Heimefronten i dekning under krigen. Bjørn K. Sletten Milorg-kåken ”Hiet” ligg i Skurdalslia litt nord for Ulberg. Her låg tre karar frå Heimefronten i dekning under krigen.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Hausten 1944 klarte tre menn, som var involvert i illegalt arbeid, å rømme unna ein tysk razzia i Otta-Kvamsfjella. Dei tok seg over fjellet og kom ned til Sødorp, der dei gjennom Ottar Morken fekk kontakt med Hans Skriubakken på vestsida av Harpefoss. Dei gav han dekknamnet «Johannes Åsen» og sette han inn i planane om å bygge ei lita hytta godt gøymt, der dei kunne hald fram med motstandsarbeidet sitt.

Dei fann ein plass i eit dalsøkk opp i Ulbergsskårra på vestsida av Laugen. Reisverket besto av nedfelte tre som vart surra saman med ståltråd. Det var bordgolv, og veggane besto av fleire lag bygnings- og tjærepapp. «Åsen» skaffa til veie alt dei trong av byggemateriell: bord, spikar, glassruter, kitt, isoleringsplate til å ha bak omnen og mykje anna. Ein liten omn vart med stort strev henta frå ei falleferdig bu langt inne på fjellet og bore ned i ryggsekk av «Åsen» og «Møller».

Da hytta var ferdig etter fire dagar, vart ho tekt med bar for å gå i eitt med omgevnadene og dekt med snø om vinteren 44/45. Den vart brukt av distriktsstaben i Milorg for området Lesja-Lillehammer frå sist i oktober 1944 til før påske i 1945. Den vart aldri funne av tyskarane. Mennene har uttala at det kjentes som om dei hadde fått ein ny heim, kor dei følte seg trygge.

Opplysningar frå Hans Skriubakken i Fronsguide ´89.

 

Kor er Hiet?

Ta av stig frå Skrangellivegen ovanfor Grindtorget. Unngå å parkere inne på eigedommane til folk, og heller ikkje å gå frå/over bebudde eigedommar. Du kan også gå skogsvegen frå Haug og følgje denne til endepunktet. Her går du nedatt nokre hundre meter til til Hiet. Frå Grindtorget tek turen ca. 1 t tur/retur.